Elsparkesyklar – slik er reglane

Bruken av elsparkesyklar har auka i byar og tettstader. Fleire og fleire vel bort bil og sykkel til fordel for elsparkesykkel. Korleis skal vi forhalde oss til trafikkreglane? Kan vi køyre akkurat som vi sjølve ønskjer?

Accessibility icon Elsparkesyklar – slik er reglane

Smarte framkomstmiddel

Elsparkesyklar har vorte utruleg populære dei siste åra, og det er jo ikkje så rart. Du kjem deg raskt fram i trafikken, og du kan køyre frå dør til dør. Ein elsparkesykkel er òg eit miljøvennleg framkomstmiddel.

Samtidig har elsparkesyklane fått mykje kritikk. Mellom anna på grunn av uvettig køyring, og også på grunn av parkering som er til hinder for andre.

Trafikkreglar

Grunnen til at folk gjer slike feil, er nok at dei ofte er usikre på reglane. I utgangspunktet skal du følgje reglane for syklistar. Men det finst òg reglar som gjeld spesielt for elsparkesyklar.

Vidare finn du ei oversikt over det du må vite.

  • Du kan køyre i vegen og i sykkelfelt så lenge du køyrer med køyreretninga og følgjer skiltinga.
  • Du har vikeplikt for bilar og syklistar som kjem frå høgre. Denne regelen gjeld ikkje når noko anna er skilta, som til dømes ved forkøyrsveg.
  • Du har vikeplikt for bilar og andre køyretøy når du køyrer over fotgjengerfelt. Går du av elsparkesykkelen før du kryssar gangfeltet, skal bilane stoppe for deg.
  • Når du køyrer på vegen, skal du stoppe ved raudt lys.
  • Det er ikkje lov å vere meir enn éin person på ein elsparkesykkel. Er ein meir enn éin, kan ein få ei bot på 3000 kroner.
  • På fortau og gangveg må du ta omsyn til gåande. Det betyr blant anna at du må passere med god avstand, og ikkje køyre raskare enn seks kilometer per time ved passering.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
To på en elsparkesykkel
To på en elsparkesykkel

Fartsgrense

Ifølge lova skal ikkje elsparkesykler køyre raskare enn 20 kilometer per time. Men det betyr ikkje at det alltid er lov å køyre så fort. Som nemnt over, må du halde gangfart når du passerer andre. Du må alltid tilpasse farten etter trafikken rundt deg.

Full fart på elsparkesykkel
Full fart på elsparkesykkel

Alder

Det er en aldersgrense på 12 år for bruk av elsparkesykkel. Foreldre må og vurdere om barn og unge er modne nok og har ferdigheitene som trengst. Hugs at enkelte utleigeselskap likevel kan ha eigne aldersgrenser på 16 eller 18 år.

Tenåring på elsparkesykkel
Tenåring på elsparkesykkel

Bruk av hjelm

Det er påbode å bruke hjelm når ein bruker elsparkesyklar og er under 15 år.  Men bruk av hjelm er heilt klart å tilrå. Dei fleste som syklar, bruker hjelm.

Hjelm til elsparkesykkel
Hjelm til elsparkesykkel

Parkering

Når du parkerer elsparkesykkelen, er det viktig at han ikkje er i vegen for andre. Tenk over om elsparkesykkelen kan vere i vegen for nokon før du går frå han. Tenk då spesielt på dei blinde og svaksynte. Det tryggaste er å setje han på ei sykkelparkering eller annan tilvist plass.

Parkert elsparkesykkel
Parkert elsparkesykkel

Alkohol

Ein elsparkesykkel blir rekna som motorisert køyretøy i vegtrafikklova, og det betyr at det er same promillegrense (0,2 promille) som for andre små elektriske køyretøy.

Difor gjeld dei generelle reglane i vegtrafikklova for køyring i ruspåverka tilstand, og det betyr og at folk som er for rusa til å ha kontroll på elsparkesykkelen, må trille han.

Fall på elsparkesykkel
Fall på elsparkesykkel

Tekniske krav

Som nemnt er det ikkje lov å køyre raskare enn 20 kilometer per time. Elsparkesykkelen skal ha ei fartssperre som gjer at det ikkje er mogleg å køyre raskare. I tillegg finst det nokre andre krav:

  • Maks vekt: 70 kg
  • Maks breidde: 85 cm
  • Maks lengde: 120 cm
  • Ringjeklokke, kvitt lys framme, raud refleks bak, sikre bremser
Elsparkesykkel rød refleks bak
Elsparkesykkel rød refleks bak

Lokale reglar

Ved sida av dei nasjonale reglane, har enkelte byar innført lokale reglar som gjeld for elsparkesyklar til utleige.

I Oslo er til dømes utleige stengt mellom kl. 23 og kl. 05 om natta, og talet på utleigesyklar totalt er avgrensa til 8000.

I Trondheim er det innført automatisk fartsavgrensing på bestemte stader i byen, som på Torget og ved Solsiden kjøpesenter, der mange folk ferdast.

Elsparkesykler til leie
Elsparkesykler til leie

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images