Er Grønland større enn Afrika?
Har du prøvd å pakka inn ein klementin? Då veit du kor vanskeleg det er å pakke fint utan at det blir krøllete. Det same problemet oppstår når ein skal lage kart av korleis jorda ser ut. Ei utfordring er at landa kan sjå ut til å vere større eller mindre enn dei faktisk er!
Er Grønland større enn Afrika?
Under er eit kart over verda. Vi har merkt av Grønland med ein raud firkant. Afrika har gul firkant i dette kartet.
Kva tenkjer du er størst: Grønland eller Afrika?
Men kan vi tru det kartet viser?
Er det rett at Grønland og Afrika har omtrent same storleik – eller er det noko som er heilt gale her?
Problemet blir når vi prøver å vise ei 3-dimensjonal verd med eit 2-dimensjonalt kart. Storleiken på landa blir ikkje heilt riktig når vi måler dei mot kvarandre.
Vi skal prøve å vise den rette storleiken på Grønland i forhold til Afrika. Sjå på bildet. Grønland er vist i blått felt på det afrikanske kontinentet. Afrika er faktisk 14 gongar større enn Grønland!
Men kvifor ser det heile annleis ut på dei fleste kart? Lat oss sjå nærare på kart og globus for å svare på dette spørsmålet.
Målestokk
Kart har ulike målestokkar. Målestokken fortel oss kor langt 1 cm på kartet er i den fysiske verda.
Eit orienteringskart kan typisk ha målestokk 1:1000. 1 cm på kartet er då 10 meter i terrenget. Eit kart av eit land kan ha ein målestokk på 1: 1 000 000 – noko som gjer at 1 cm på kartet er 10 km i den fysiske verda.
På trykte kart er målestokken lik. Målestokken på digitale kart vil endre seg når vi zoomar inn og ut. Sjå derfor på den dynamiske målestokken når du bruker digitale kart.
Et linjal som ligger på et kart for å illustrere målestokk
En globus
Et satellitt kart som viser Europa, Grønland, Midtøsten og Asia
En dame som skreller en mandarin
Eksempel på et Mercator kart
Winkel-Tripel
Samanlikna med andre kart gir Winkel-Tripel-projeksjonen få forskjellar både i areal, avstand og retning.
Kjegleprojeksjon
Mercator set ein sylinder over kloden. Ein kjegleprojeksjon set ei kjegle over i staden for. Då stråler lengdegradene ut frå polen. Breiddegradene blir konsentriske sirklar.
Dette eignar seg særleg godt for å vise land som strekkjer seg mykje ut i breidderetninga aust-vest, til dømes Russland.
Kjegleprojeksjon
Gall Peters
Kanskje er Gall Peters den mest “rettferdige” kartprojeksjonen? Her er areala riktige. Forma på kontinenta blir feil. Det er fordi vinklane i kartet blir feil. “Rutene” på lengde- og breiddegradene her blir meir avlange enn i Mercatorprojeksjon. Då blir òg landa “lenger” og ikkje så breie.
Eksempel på et Gall Peters kart
Vanskeleg å anslå størrelsar
Det kan vere vanskeleg å forstå kor store land faktisk er. Vi har putta inn nesten alle EU-land innanfor Brasil sine grenser. Hadde du trudd Brasil var så stort?
Omrisset av nesten alle EU-landene satt inn i Brasil sine grenser på et kart
Kjelder:
- kartprojeksjon i Store norske leksikon på snl.no. Henta27. april 2023 frå https://snl.no/kartprojeksjon
- wikipedia.org (27.04.2023): Web mercator
https://no.wikipedia.org/wiki/Web_mercator
- wikipedia.org (27.04.2023): Nullmeridianen
https://no.wikipedia.org/wiki/Nullmeridianen
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images / Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images / Skjermbilde hentet fra www.thetruesize.com
-
Getty Images
-
Getty Images / Animasjonsfilm: Skolerom
-
Getty Images /Friman at Norwegian Wikipedia (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images
-
Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
-
Daniel R. Strebe
-
Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
-
Daniel R. Strebe (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images / Skjermbilde hentet fra www.thetruesize.com
-