Etikk og moral
Alle kan bestemma over sitt eige liv.
Jo eldre du blir, desto meir bestemmer du over deg sjølv.
Du avgjer kvar du vil bu og kva du vil jobba med. Det kan vera vanskeleg å velja, men det finst ingen fasit på kva du skal velja.
Når du flyttar for deg sjølv, kan du gjera akkurat som du vil.
Men hugs at alle val har konsekvensar.
Nokre val går berre utover deg. Andre val går utover fleire.

Mange veivalg
Rett og gale
Det er viktig å velja rett for å få eit godt liv. Du kan velja å vera ein god eller ein dårleg venn.
Du vel om du vil vera ærleg, eller om du vil lyga og stela for å få det du vil ha.
Viss du kan litt om etikk og moral, er det lettare å ta gode val.
Moral
Moral er dei reglane som gjeld i eit samfunn, til dømes at me ikkje skal stela.
Nokre av dei har du kunna så lenge at du ikkje tenkjer over at dei er reglar. Det berre «er slik».
Etikk
Etikk handlar om kvifor noko er rett eller gale.
Kvifor trur du me ikkje skal stela, lyga eller vera slemme mot andre?

Mann holder skilt for rett og galt
Ulike typar etikk
Det finst ulike typar etikk:
- Deskriptiv etikk beskriv dei moralske reglane i eit samfunn. Du skjønner sikkert at desse reglane er ganske ulike i ulike land.
- Normativ etikk handlar om kva haldningar og reglar som er rette. Trur du normativ etikk er lik over heile verda?
- Anvendt etikk er etikk i praksis. Er det moralsk rett å drepa i krig?
- Metaetikk handlar om kva moral eigentleg er. Finnes det ein fasit på kva som er rett og gale?

Jugekort bak ryggen
Normer og verdiar
Normer beskriv kva samfunnet meiner er rett.
Slike normer er også ulike etter kvar me bur, og derfor er det lett å misforstå folk frå andre land.
Verdiar er stemma inni oss som styrer dei vala me tek kvar einaste dag.
Du går på skulen sjølv om du ikkje har lyst til å ha matte, for du veit at det er gale å skulka.
Du veit at det er gale å stela i butikken.
Haldningar er våre eigne tankar om dei normene og verdiane me har lært.
Ærlegdom er ein verdi. Du veit at du bør vera ærleg. Men å velja å vera ein ærleg person er ei haldning.

Valgets kvaler
Etisk refleksjon
Etikk handler altså om hvordan du og jeg er mot hverandre, og hvorfor.
Hver dag velger vi hvordan vi skal være mot andre.
Me tenkjer over kva som er rett og gale, før me tek eit val.
Me ser for oss ulike moglegheiter.
Til slutt bestemmer me oss for kva me skal gjera. Dette kallar me etisk refleksjon.
Etisk refleksjon er noko me gjer kvar dag.

En håndsrekning
Etikk i kvardagen
Eksempel:
Lise dreg innom butikken etter skulen for å kjøpa sjokolade. Der ser ho at ein eldre mann, puttar ein tube tannkrem i lomma.
«Kva skal eg gjera no?» tenkjer Lise. «Skal eg snakka med mannen? Eller skal eg seia frå til beteninga?
Mannen har slitne klede. Lise skjønner at han har dårleg råd. Ho veit at butikken alltid melder tjuveri til politiet.
Lise synest synd på mannen. «Ein tube tannkrem kostar jo ikkje så mykje», tenkjer Lise. «Men …»
Etisk dilemma
Nokre gonger får det du vel berre konsekvensar for deg.
Andre gonger får det konsekvensar for andre òg.
Ofte er det vanskeleg å vita kva som er rett og gale. Me kallar det eit etisk dilemma.
Same kva Lise vel å gjera, blir det feil for nokon. Kva gjer ein då?
Når me hamnar i eit etisk dilemma, kan me byrja å tvila på oss sjølv.
Då er det lurt å tenkja på kva som blir minst gale å gjera.
Kva ville du ha gjort viss du var i same situasjon som Lise?
Har du nokon gong opplevd eit etisk dilemma?
Snakk gjerne om det i klassen!

Symbolikk for bærekraft
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Getty Images
Skolerom
Getty Images
Skolerom