Etikk og moral

Kvar dag må vi ta mange ulike val. Vi må bestemme oss for kva vi meiner er sant og usant, eller kva som er rett og gale.

For å ta slike val må vi ha nokre moralske rettesnorer for korleis vi skal avgjere dette. Det er ulike overtydingar som ligg til grunn. Det kan vere at vi trur på årsak og verknad, fornuft eller tru, eller at vi har andre overtydingar.

Etikk, også kala moralfilosofi, er den delen av filosofien som prøver å svare på spørsmål som «Kva er godt?», «Kva er det rette?» og «Korleis bør ein oppføre seg?» Med andre ord handlar det om å finne ut kva som er godt og dårleg, rett og gale, kva som kan tillatast og kva som ikkje kan aksepterast.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange veivalg
Mange veivalg

Rett og gale

I ulike samfunn og kulturar er det ulike oppfatningar av kva som er rett og gale. Å bruke alkohol er uakseptabelt i nokre samfunn, men ikkje i andre. Kva som er akseptabelt å ete, er det også ulike oppfatningar om.

I nokre religionar er det forbod mot å ete ulike typar mat. Muslimar kan ikkje ete svinekjøt, og i hinduismen ser ein på kua som heilag. Mange hinduar, sjølv dei som elles et kjøt, vil aldri ete kukjøt.

Men vi har også grupper utan religiøs tilknyting, som veganarar, som av ulike grunner meiner at vi ikkje bør ete kjøt. Det kan gjelde dyrevelferd eller klima.

Nokre moralnormer er like over heile verda. Vi finn få stader der ein tenkjer at det skal vere lov med tjuveri og drap.

Er eller bør?

Men det er ikkje alltid enkelt å opptre moralsk eller vite kva ein skal gjere.

Kva skal du gjere viss du må stele frå andre for å overleve sjølv? Kva skal vege tyngst når du skal bestemme deg for kva du skal gjere?

Kva viss du har valet mellom å redde deg sjølv, nokre få i nær familie eller ei stor gruppe med ukjende?

Er det slik at ein ikkje kan ha reglar som gjeld for alle, fordi det som er rett for meg ikkje treng å vere rett for deg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann holder skilt for rett og galt
Mann holder skilt for rett og galt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!