Fattige land

Dei fleste fattige i verda bur i Asia og Afrika. Rundt éin milliard menneske lever i ekstrem fattigdom, for dei har mindre enn sju kroner om dagen å leve for. Nokre av dei aller fattigaste landa i verda er: Afghanistan, Bangladesh, Eritrea, Haiti, Nepal og Somalia.

📷  Kabul – hovudstaden i Afghanistan.

Dei fattige landa kallar vi utviklingsland. Det betyr at dei har lite industri og fabrikkar og produserer få varer. Det betyr òg at mange ikkje går på skule, og at dei lever kortare enn i andre land. Nesten tre av fire menneske i verda lever i eit utviklingsland.

Ikkje alle utviklingsland er like fattige, og det kan vere store forskjellar i eit land. India er både rikt og fattig på same tid. Mange har blitt rike på grunn av industri, men India er òg det landet i verda med flest fattige.

I fattige land er det ofte få rike og mange fattige. Det er ofte på grunn av krig at fattige ikkje kan gå på skule og ikkje har det dei treng. Det er ikkje lett for fattige å komme ut av fattigdommen, for samfunnet har ikkje noko system for å hjelpe dei. Dei må stort sett klare seg sjølve eller motta humanitær hjelp frå andre land.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kabul i Afghanistan sett fra avstand.
Kabul i Afghanistan sett fra avstand.

Rike land

Landa sine bruttonasjonalprodukt (BNP) måler rikdommen i verda. Dette er marknadsverdien på alle varer og tenester produserte i eit land i løpet av eit år. Når ein deler BNP på talet på menneske i landet, får ein gjennomsnittet til kvar enkelt innbyggjar.

Fleirtalet i dei rike landa har nok mat, utdanning og moglegheit for jobb. Dei har òg tilbod om helseteneste og økonomisk hjelp ved arbeidsløyse. Men det er stor fattigdom i rike land òg. Skiljet mellom dei rikaste og fattigaste er ekstremt stort, men moglegheita til å komme ut av fattigdommen er større i eit rikt land.

Dei fem rikaste landa i 2020

Talet i parentes viser BNP per innbyggjar i US dollar.

  1. Luxemburg (114 000 dollar)

2. Sveits (82 000 dollar)

3. Noreg (81 000 dollar)

4. Irland (78 000 dollar)

5. Island (73 000 dollar)

📷  Julemarknad i Luxemburg.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kveld i Luxemborg der vi ser en festning og et pariserhjul.
Kveld i Luxemborg der vi ser en festning og et pariserhjul.

Primærnæring

I mange fattige land er det mykje primærnæring som jordbruk, jakt og fiske. Dei bruker naturen for å produsere råvarer som blir laga til mat. I rike land er det mykje sekundær- og tertiærnæringar. Det betyr at fabrikkar lagar produkt av råvarer, og at ein tilbyr ulike tenester til andre. Her er det òg mange som utviklar nye og betre arbeidsmåtar innan industri og jordbruk.

Bonde med en hvit ku som pløyer jorda med en gammeldags plog.
Bonde med en hvit ku som pløyer jorda med en gammeldags plog.

Levekår

Befolkningsveksten i eit land avheng av økonomisk og sosial utvikling. I land kor innbyggjarane har god råd, har høg utdanning og lever i eit velferdssamfunn, blir det fødde færre barn, og folk lever lenger samanlikna med fattige land.

I snitt  fødest det færre barn per familie i rike land enn i fattige land. Samtidig er spedbarnsdødelegheita større i fattige land enn i rike land. Spedbarnsdødelegheit seier noko om korleis levekåra er i det landet.

  • Kvifor fødest det flest barn i fattige land?

Levekåra i eit land fortel oss kor lenge ein forventar at innbyggjarane skal leve. I rike land lever ein lenger enn dei gjer i fattige land. I rike land er få av innbyggjarane under 15 år, mens det er mange eldre. I fattige land er mange svært unge, og det er veldig få som er gamle.

  • Kvifor er det slik?
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Afrikansk familie med mor og ti barn.
Afrikansk familie med mor og ti barn.

Gjere forskjellane mindre

For å gjere forskjellane mellom rike og fattige land mindre, gir ein støtte til dei fattige landa. Slik kan dei til dømes lage betre vegar, byggje skular og sjukehus og ta i bruk teknologi.

  • Kvifor er det å få betre vegar bra for fattige land?

Støtta kan enten vere pengar, eller at ein hjelper dei med kunnskap og informasjon om korleis dei kan endre samfunnet.

Skole i Afrika som er under bygging.
Skole i Afrika som er under bygging.

Utdanning er viktig

Utdanning er viktig for at eit samfunn skal utvikle seg. FN har laga fleire berekraftsmål for å bekjempe fattigdommen i verda. Eit av tiltaka er at fleire må få rett til gratis skulegang.

  • Korleis kan utdanning bidra til å redusere fattigdom i verda?
Utdanning for jenter
Utdanning for jenter

Noreg er eit velferdssamfunn

I Noreg har vi gode velferdsordningar. Det betyr at viss vi blir sjuke, får vi gratis legehjelp, og alle har gratis skule. Når vi blir gamle og sluttar i arbeid, får vi pensjon som ei slags løn frå staten. Alle som jobbar betaler skatt til staten for at vi skal ha slike gode ordningar.

I fattige land har dei ikkje like gode velferdsordningar, og ein er meir avhengig av at familien passar på ein når ein blir gammal og ikkje klarer å jobbe lenger.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smilende eldre mann sitter oppreist i en sykeseng.
Smilende eldre mann sitter oppreist i en sykeseng.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images