Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Demokratiforståing og deltaking

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
7. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive geografiske hovudtrekk i ulike delar av verda og reflektere over korleis desse hovudtrekka påverkar menneska som bur der

Fattige land

Dei fleste fattige i verda bur i Asia og Afrika. Cirka 1 milliard menneske er veldig fattige. Dei må klare seg med under sju kroner dagen. Nokre av dei aller fattigaste landa i verda er: Afghanistan, Bangladesh, Eritrea, Haiti, Nepal og Somalia.

📷  Kabul – hovudstaden i Afghanistan.

Dei fattige landa kallar vi utviklingsland. Dei har få fabrikkar og lite mat. Mange går ikkje på skule, og dei lever kortare enn i andre land. Nesten tre av fire menneske i verda lever i eit utviklingsland.

Ikkje alle utviklingsland er like fattige. Det kan vere store forskjellar i landet. India er både rikt og fattig. Mange har blitt rike på grunn av industri, men det er òg flest fattige i India.

I fattige land er det nokre få rike og mange fattige. Kanskje er det på grunn av krig. Kanskje det ikkje finst nokon skule til barna. Dei fattige manglar alt, og utan hjelp er det nesten umogleg å bli rikare. Dei må stort sett klare seg sjølve eller motta humanitær hjelp.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kabul i Afghanistan sett fra avstand.

Rike land

Bruttonasjonalprodukta (BNP) til landa måler rikdommen i verda. Når ein deler BNP på talet på menneske i landet, får ein gjennomsnittet til kvar enkelt innbyggjar.

I rike land har dei fleste det dei treng. Dei har mat, utdanning og jobb. I tillegg får dei helsehjelp eller økonomisk hjelp om dei treng det. Det finst mange fattige i rike land òg. Moglegheitene deira for å komme ut av fattigdommen er mykje større enn i fattige land.

Dei fem rikaste landa i 2020

Talet i parentes viser BNP per innbyggjar i US dollar.

  1. Luxemburg (114 000 dollar)

2. Sveits (82 000 dollar)

3. Noreg (81 000 dollar)

4. Irland (78 000 dollar)

5. Island (73 000 dollar)

📷  Julemarknad i Luxemburg.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kveld i Luxemborg der vi ser en festning og et pariserhjul.

Primærnæring

I mange fattige land er det mykje primærnæring som jordbruk, jakt og fiske. I rike land er det mykje sekundær- og tertiærnæringar. Det betyr at fabrikkar lagar ting av råvarer, og at ein tilbyr ulike tenester for andre. Mange er med og utviklar nye og betre arbeidsmåtar innan industri og jordbruk.

Bonde med en hvit ku som pløyer jorda med en gammeldags plog.

Levekår

Det er litt rart, men høyr på dette: Pengar og skule har mykje å seie for kor mange barn som blir fødde i eit land. Det rare er at di mindre pengar ein har, dess fleire barn får ein. At ein lever lenger i rike land, er ikkje like rart.

I snitt fødest det født færre barn per familie i rike land enn i fattige land. Samtidig er spedbarnsdødelegheita større i fattige land enn i rike land. Det seier noko om korleis levekåra er i fattige land.

  • Kvifor fødest det flest barn i fattige land, trur du?

Levekåra i eit land fortel oss kor lenge ein trur at innbyggjarane skal leve. I rike land lever ein lenger enn i fattige land. I rike land er det få innbyggjarar under 15 år, medan det er mange eldre. I fattige land er mange svært unge, og det er veldig få som er gamle.

  • Kvifor er det slik?
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Afrikansk familie med mor og ti barn.

Gjere forskjellane mindre

For å minske forskjellane mellom rike og fattige land, gir ein støtte til dei fattige landa. Slik kan dei til dømes lage betre vegar, byggje skular og sjukehus og ta i bruk teknologi.

  • Korleis kan betre vegar vere så viktig for fattige land?

Støtten kan anten vere pengar eller at ein hjelper dei med kunnskap og informasjon om korleis dei kan endre samfunnet.

Skole i Afrika som er under bygging.

Utdanning er viktig

Skule er viktig for samfunnet. FN har laget flere berekraftsmål for å bekjempe fattigdommen i verda. Eit av måla er at fleire må få rett til gratis skule.

  • Korleis er utdanning med på å redusere fattigdom i verda?
Utdanning for jenter

Noreg er eit velferdssamfunn

I Noreg har vi gode velferdsordningar. Det betyr til dømes at vi får gratis legehjelp og skule. Når vi blir gamle og sluttar i arbeid, får vi pensjon. Alle som jobbar, betaler skatt til staten for at vi skal ha slike gode ordningar.

I fattige land har dei ikkje like gode velferdsordningar. Ein er meir avhengig av familien. Når ein blir gammal og ikkje klarer å jobbe, må familien ta vare på deg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smilende eldre mann sitter oppreist i en sykeseng.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images