Kva er flow?

Flow er når du er heilt oppslukt av det du gjer. Du gløymer tid og stad. Tenk på når du speler eit spel og er superkonsentrert. Den kjensla blir kalla flow.

Korleis veit du at du er i flow?

Du er i flow når du:

  • Er veldig fokusert: Du veit nøyaktig kva du skal gjere heile tida.
  • Kjenner deg roleg og har kontroll: Sjølv om det er vanskeleg, veit du at du kan klare det.
  • Gløymer tida: Du merkar ikkje korleis tida går.
  • Har eit mål: Du jobbar mot noko bestemt. Det held deg motivert.

Kvifor er flow viktig?

Flow gjer læring og arbeid morosamt. Det hjelper deg å gjere det betre. Å vere i flow kan gjere deg meir motivert og glad i å lære.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Flow

Flow, eller flytsone, skjer når du er heilt fokusert og gløymer tid og stad. Du treng oppgåver som er akkurat passe vanskelege for deg.

Figuren viser at vi får ulike kjensler viss vi ikkje er flinke nok til noko eller viss vi synest noko blir for vanskeleg.

Finn flytsona di:

  • Vel oppgåver som er morosame og passe utfordrande.
  • Viss oppgåvene er for vanskelege, øv meir for å bli betre.

 

Komfortsona:

I komfortsona kjenner du at du kan oppgåvene godt. Du er roleg og har kontroll. Etter kvart kan dette bli litt kjedeleg. 

For å finne flyten, prøv noko litt vanskelegare enn det du er van med. Gå ut av komfortsona.

 

Flippsida

Viss du blir stressa eller kjedar deg, kan det bety at oppgåvene er for vanskelege eller for lette i forhold til det du kan og veit. Då kjem du på flippsida av flow.

Kvar gong du jobbar med ei oppgåve, tenk på korleis du kjenner deg. Det kan vise om du er i flytsona eller ikkje. Viss ikkje, juster vanskegraden eller øv på ferdigheitene dine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Døme

Kjedar seg: Ola høyrer på ting han allereie veit og som han ikkje er interessert i. Det er kjedeleg.

Enkelt og roleg: Mia spelar ein lett melodi på piano mange gongar. Ho blir søvnig. Ein kan seie at det er så lett at ho kan gjere det i søvne.

Trygg og kontrollert: Sara gjer lette matteoppgåver. Ho kjenner seg trygg. Dette krev ikkje mykje av henne.

Nervøs: Jonas spelar sjakk mot ein proff. Han er usikker og blir litt stressa.

Redd: Lisa skal snakke framfor mange og veit lite om det ho skal snakke om. Ho er nervøs og har vondt i magen.

Entusiasme: Ahmed skal spele ein viktig fotballkamp. Han er glad og spent.

I flow: Ida lagar ein app. Ho elsker utfordringane og mistar tidskjensla.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korleis kan flow hjelpe deg på skulen?

Flow er ikkje berre for dataspel eller sport. Du kan og ha det på skulen. Kanskje når du les ei bok eller løyser matteoppgåver.

Har du vore veldig fokusert og gløymt tid og stad? Då var du i flytsona.

Kva er bra med flow?

Du konsentrerer deg betre:

I flytsona ser du ikkje rundt deg. Du tenkjer berre på det du lærer. Dette er veldig bra når du har prøver.

Du lærer fortare:

Du forstår fort kva du må gjere betre. Så du lærer raskare. Dette er bra på skulen.

Du blir meir gira:

Det er morosamare å lære når du er i flow. Du ønskjer å lære meir, sjølv om det er vanskeleg.

Du blir mindre stressa:

Du kjenner deg glad når du er i flow. Det hjelper deg å vere roleg, spesielt på prøver.

Flow gjer skulen betre og morosamare!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis finne flyten?

Her er nokre enkle tips:

  • Set klare mål: Bestem kva du vil få til. Det kan vere i lekser, sport eller noko anna.
  • Passande utfordringar: Sørg for at oppgåva ikkje er for lett og ikkje for vanskeleg. Det må passe med det du kan.
  • Få ro rundt deg: Finn ein stad utan forstyrringar.
  • Konsentrer deg: Prøv å fokusere godt på det du gjer. Dette kan du øve deg på. 

I praksis

Tenk at du skal spele eit nytt videospel:

  • Start på rett nivå: Ikkje begynn på eit for vanskeleg nivå. Start der du kan spele godt og ha det gøy. Auk vanskegraden gradvis.
  • Finn ein stille stad: Spel ein stad der ingenting kan forstyrre deg. Set mobilen på lydlaus, og legg han helst i eit anna rom.
  • Klare mål: Ha som mål å nå neste nivå.

Spel og gløym tida. Snart når du eit nytt nivå, og du har det supergøy!

 Bruk desse tipsa neste gong du skal jobbe med noko. Sjå korleis oppgåva blir meir spennande!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Flyt på jobben

Når du har flyt (flow) på jobben, gløymer du alt anna. Du jobbar godt og blir glad. Flyt gjer at du liker jobben din betre.

Men viss jobben er for vanskeleg, eller du gjer det same heile tida, kan du bli stressa.

Det er leiaren på jobben som har ansvar for at folk har arbeidsoppgåver som passar til det dei kan og er gode til. Dei skal hjelpe deg og gje opplæring viss du treng det.

Finn balansen og lær meir

Prøv å finn flyten. Det er når læring er gøy, og når du gløymer tid og stad.

Det skal ikkje vere for lett, men ikkje for vanskeleg heller. Då jobbar du best.

Korleis finne flyten? 

Rydd plassen din. Sei til deg sjølv kva du skal lære. Start i det små, og gjer litt kvar dag.

Snart vil du kjenne flyten ofte. Då blir læring gøy, i klassen og overalt.