Sidan dette er eit eksempel, kan vi seie at han er glad i kompisen Pelle, han er forelska i Sara, og han elskar mor si, Mari.
Når Sondre møter Pelle for å spele fotball, kjenner han seg glad. Han likar å henge med Pelle fordi begge likar fotball og dei ler av dei same tinga.
Men når Sondre ser Sara i klasserommet, blir han dødsglad og skikkeleg nervøs. Hun er så sjukt pen.
Og han, som alltid jobbar bra i timane, får plutseleg kjeft fordi han fortel klassa ein vits når det skal vere stille. Han klarer ikkje å tenkje på matte, berre på Sara.
Slik kan forelsking kjennast.
Sondre kjem heim og møter mamma i gangen. Ho ruskar han i håret og spør om dagen har vore bra. «Nei», svarer Sondre ærleg. «Det er vanskeleg å konsentrere seg på skulen. Eg trur kanskje eg er forelska i ei i klassa.»
Sondre er ærleg med mamma, for han kjenner seg trygg på henne og tør å vere seg sjølv. Slik kan det kjennast å elske nokon og å bli elska tilbake.