Hjelp, eg trur eg er forelska!?

Sommarfuglar i magen, hjartebank og klamme hender? Da er du nok forelska, og det er ikkje berre berre.

Forelsking kan vere fantastisk og spennande, men òg skikkeleg kjipt.

Dei fleste blir forelska i løpet av livet.

Nokre forelskar seg ofte, andre forelskar seg aldri. Kvifor kjenner vi forelskinga i heile kroppen?

Forklaringa, ho er i hjernen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Eg har «fått deg på hjernen»

Viss ein er forelska, tenkjer ein på den ein er forelska i, heile tida.

Ein får den ein er forelska i «på hjernen».

Ein del av hjernen blir meir aktiv når du er forelska.

Dessutan lagar hjernen meir dopamin, eit signalstoff som gjer deg ekstra lykkeleg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dopamin = kroppen si eiga lykkepille

Når du er forelska, er det dopamin som gjer deg så lykkeleg. Noko liknande skjer når ein bruker alkohol eller narkotika.

Dopamin blir kalla «kroppen sitt eige rusmiddel». Dopamin gir ingen biverknader, slik andre rusmiddel gjer.

Narkotika, alkohol og dopamin påverkar oss forskjellig.

Narkotika gir ein altfor høg dopaminproduksjon, og ein kan bli deprimert og sint når rusen er ute av kroppen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Urinstinkter activated

Hjernen styrer urinstinkta våre. Urinstinkt er veremåtar mennesket alltid har hatt, og eit av dei er trongen til å formeire oss.

Det er derfor vi heile tida jaktar etter denne kjensla.

Vanlegvis tenkjer vi ikkje på at vi blir forelska for å føre menneskeslekta vidare.

Men dopamin gir oss ei fantastisk god kjensle.

Ikkje alle skil ut like mykje dopamin. Det er derfor nokre blir meir forelska enn andre.

Begge delar er heilt normalt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Det er vanleg å oppføre seg uvanleg

Når vi blir forelska, går òg aktiviteten i hjerneborken ned. Det er den delen av hjernen vi bruker til å tenkje fornuftig og smart med.

Er dette lurt eller farleg? Når hjerneborken har tatt seg ein pause, kan ein gjere ting ein angrar på, eller ein kan oppføre seg litt uvanleg.

Kanskje gjer du rare eller farlege ting for å imponere den du er forelska i.

Det er heilt normalt.

Det er både fantastisk og slitsamt å vere forelska.

Men den første forelskinga blir etter kvart mindre intens.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Forelsking og kjærleik

Kva er forskjellen på å vere glad i nokon, forelska i nokon og å elske nokon?

Lat oss ta eit eksempel.

Sondre er 12 år. Han kjenner masse folk, blant andre kameraten Pelle, Sara i klassa og mor si, Mari.

Kven av dei trur du Sondre er glad i? Kven er han forelska i. Kven elskar han?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Lat oss seie at Sondre er glad i kompisen Pelle og forelska i Sara. Og at han elskar mor si.

Sondre blir glad av å spele fotball med Pelle. Begge likar fotball, og dei ler av dei same tinga.

Når Sondre ser Sara i klasserommet, blir han dødsglad og kjempenervøs.

Sondre begynner å bråke i timane, noko han aldri har gjort før. Han klarer ikkje å tenkje på matte, berre på Sara.

Slik kan forelsking kjennast.

Da Sondre kjem heim, spør mamma om dagen har vore bra. «Nei», svarer Sondre: «Eg klarer ikkje å konsentrere meg på skulen. Eg trur eg er forelska i ei i klassa.»

Sondre er trygg på mamma og tør å vere ærleg. Slik kan det kjennast å elske nokon og å bli elska tilbake.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjærleik ved første blikk

Har du sett filmar der folk forelskar seg på ein augneblink og lever lykkeleg saman resten av livet?

Dessverre er det nesten aldri slik i røynda.

Nokre forelskar seg raskt, mens andre bruker fleire år på å bli eit par.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

For evig og alltid

Dei fleste menneske er monogame, dei ønskjer altså å vere saman med éin fast partnar.

Grunnen er at vi har behov for å kjenne oss trygge.

Forelska i læraren

Kvifor blir vi forelska?

Det kan handle om utsjånad, men personlegdom og kjemi er ofte viktigare.

Det er ikkje lett å styre kven ein forelskar seg i. Tenk på låta Forelska i lærer’n. Ein kan bli forelska i folk ein ikkje bør bli kjæraste med.

Du treng ikkje bli flau viss du blir forelska i læraren eller storebroren til venninna di.

Men hugs at vaksne og barn ikkje kan vere kjærastar. Den vaksne har ansvar for at det ikkje skjer.

Siggy i PubertetsCamp blir skikkeleg forelska i Edi, ein av ungdomsleiarane på «campen». Sjå korleis det går:

https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/MSUB60001319

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjærleikssorg

Det er vanleg å få kjærleikssorg når ein «gjer det slutt» eller «slår opp».

Ein kan bli lei seg, sjalu og sint. Nokon gjer òg rare ting for å bli saman igjen.

 

Det kan kjennast som om ein lengtar etter eksen heile tida, og det er hjernen som har skulda.

Saknet set masse vonde og vanskelege kjensler i sving. Heldigvis vil desse vonde kjenslene bleikne etter kvart.

 

Kjærleikssorg går alltid over, sjølv om det ikkje kjennest slik.

Kjærleikssorg er vondt, og kanskje litt ekstra vondt når ein er ung, for da er hjernen framleis i utvikling.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjærleikssorg – kva no?

Hugsar du at du las om dopamin som gjer oss glade?

Hjernen skil òg ut dopamin når vi trenar, heng med venner eller høyrer på musikk, så gjer desse tinga sjølv om du har kjærleikssorg!

Kjærleikssorg kan vere så vondt at ein ønskjer å døy. Da treng du hjelp! Snakk med nokon du stolar på!

Kjærleikssorg er vondt, men det går over. Plutseleg oppdagar du at ho har gjort deg sterkare, eller du møter ein ny kjæraste.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det går bra!

Dei fleste opplever både forelsking og kjærleikssorg. Knut Hamsun, ein berømt forfattar, skreiv dette om forelsking:

«Å hvor søtt og ondt det er å være forelsket, begge deler!» 

Forelsking er spennande og gøy. Eller vondt og vanskeleg. Men utan forelsking hadde menneska faktisk døydd ut.

Når du blir forelska, må du hugse på at:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt