Skru’n som Beckham

Legendariske fotballspelarar som David Beckham og Cristiano Ronaldo er verdskjende for måten dei tar frispark på. Gode frispark der ballen skrur inn i hjørnet frå nesten død vinkel, er ein viktig del av ein dødballsituasjon. Men korleis fungerer fysikken bak slike velplasserte skot?

⬅  David Beckham gjorde kunsten å skru frispark til ein spesialitet. Han var så god at det i 2002 faktisk kom ein film med namnet «Skru’n som Beckham» («Bend it like Beckham»). 

Magnuseffekten 

Det handlar om det som heiter magnuseffekten. Han blei først oppdaga i 1672 av sir Isaac Newton under ein tenniskamp. I 1853 skildra den tyske fysikaren Heinrich Gustav Magnus kva som skjedde. Rundt alle ballar som spinn, blir luftstraumen forstyrra. Viss ballen spinn mot klokka, vil lufttrykket på høgre side auka. På venstre side av ballen blir lufttrykket mindre. Det oppstår ein trykkforskjell som skuvar ballen mot venstre.

Illustrasjon: Thierry Dugnolle (CC BY-SA 4.0)

Den perfekte skruen 

1. Sparket
Spelaren treffer ballen på høgre side og får han til å spinna mot klokka.

2. Luftstraumen
Når ballen spinn gjennom lufta, passerer lufta raskast på høgre side og saktast  venstre side.

3. Friksjonsforskjellen
Friksjonen mot lufta blir størst på høgre side. Der treffer lufta spinnet til ballen midt imot. På venstre side av ballen passerer lufta i same retning som spinnet til ballen. Friksjonen blir dermed mindre.

4. Skru
Ballen skrur mot venstre fordi trykket er større på høgre enn på venstre side. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Det «umoglege» frisparket 

 

Forklaringa på Roberto Carlos’ frispark 

 

For rund fotball 

Den offisielle ballen som blei brukt under VM i Sør-Afrika i 2010, blei kalla Jabulani. Han skapte forvirring hos både målvakter og utespelarar. Ballen var sydd på innsida og var derfor heilt rund. Dermed kunne ballen finna på å skru alle vegar. Han var òg veldig glatt, så han glapp lett på foten. På grunn av dette var det også vanskeleg å få han til å spinna riktig. Målvaktene kunne ikkje seia på førehand kva retning ballen ville ta. Han oppførte seg nesten som ein oppblåsen plastball.

Fotballkunst

Eit frispark av Cristiano Ronaldo handlar òg om «fotballkunst». Men han prøver heilt medvite å unngå spinn på ballen. Ballen må spinna minst mogleg for at skotet skal bli skikkeleg hardt. Når lufta flyt forbi ballen, blir det danna eit luftlag tett inntil overflata av ballen. Når ballen er ujamn på overflata, kan han forstyrra luftstraumen, og då vil ballen skifta retning. Ein ball som beveger seg slik gjennom lufta, blir kalla knuckleball. Målvakta som skal stansa ein slik ball, kan bli heilt utmanøvrert av retningsendringane.

Kjelder:

  • Vitenskap Junior (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Wikimedia Commons
    3. DK Images
    4. Ionakana Youtube
    5. TED-Ed Youtube
    6. Adidas
    7. Adidas