Skru’n som Beckham
Fotballspelarar som David Beckham og Cristiano Ronaldo er verdskjende for måten dei tar frispark på. Dei kan skru ballen inn frå nesten død vinkel, eller rundt ein mur. Men korleis fungerer fysikken bak slike velplasserte skot?
⬅ David Beckham gjorde kunsten å skru frispark til ein spesialitet. Han var så god at det i 2002 faktisk kom ein film med namnet «Skru’n som Beckham» («Bend it like Beckham»).
Magnuseffekten
Det handlar om magnuseffekten. I 1853 forklarte den tyske fysikaren Heinrich Gustav Magnus kva som skjedde. Les meir om dette i neste avsnitt.
Illustrasjon: Thierry Dugnolle (CC BY-SA 4.0)
Det «umoglege» frisparket
Forklaringa på Roberto Carlos’ frispark
For rund fotball
Ballen som blei brukt under VM i Sør-Afrika i 2010, blei kalla Jabulani. Han skapte forvirring hos både målvakter og utespelarar. Ballen var heilt rund. På grunn av det var det vanskeleg å få han til å spinna riktig. Målvaktene kunne heller ikkje seia på førehand kva retning ballen ville gå i. Han oppførte seg nesten som ein oppblåsen plastball.
Fotballkunst
Cristiano Ronaldo prøver heilt medvite å unngå spinn på ballen. Ballen må spinna minst mogleg for at skotet skal bli skikkeleg hardt. Ronaldo klarer å få til ein «dupp» som gjer at ballen går rett over muren og inn i mål. Målvakta som skal stansa ein slik ball, kan bli heilt sett ut fordi ballen kan endra retning.
Kjelder:
- Vitenskap Junior (2018)
Orage Forlag AS
- Wikipedia (04.09.2020): Magnus effect
https://en.wikipedia.org/wiki/Magnus_effect
- Bilete og illustrasjonar: Getty Images og Future Publishing
Bilet- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Wikimedia Commons
-
DK Images
-
Ionakana – Youtube
-
TED-Ed – Youtube
-
Adidas
-
Adidas
-