Global oppvarming

Ekstremvêr, artar som døyr ut og øyer som forsvinn – klimaendringane er alvorlege for både menneske og naturen rundt oss. Kva er eigentleg global oppvarming, og kvifor skjer dette no?

Accessibility icon Global oppvarming

Kva er global oppvarming?

Global oppvarming tyder at atmosfæren, som er gasslaget rundt jorda, vert varmare. Dette påverkar heile planeten og kvart einaste levande vesen her. I løpet av 4,5 milliardar år har kloden vår endra seg mykje. Det har vore både istider og varmare periodar. Skilnaden er at endringane no skjer veldig raskt. Sidan 1880 har heile atmosfæren vorte 0,8 °C varmare. Før slutten av 2000-talet kan temperaturen ha stige så mykje som 2-4 °C.

⬅  Mange av dei største elvane i verda turkar inn på grunn av at klimaet endrar seg, som her i Australia.

Skilnaden på klimaendring og global oppvarming

Global oppvarming er grunnen til klimaendringane vi opplever i dag. Det er den langvarige oppvarminga av kloden. Temperaturstigninga gjennom 1900-talet er grundig prova. Global oppvarming skriv seg frå oppsamling av drivhusgassar i atmosfæren til jorda.

Klimaendring omfattar mange ulike ting som skjer på grunn av global oppvarming. Det kan til dømes vere stigande havnivå, smeltande isbrear, endring i dei store vêrmønstera og ny lengde på dei ulike årstidene. Klimaendringane kjem av global oppvarming.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor skjer det?

Klimaendringane på kloden vår kjem til ei viss grad av naturlege ting, til dømes variasjonar i utstrålinga til sola og aktivitet i vulkanar. Men også forbrenning av fossilt brensel, som kol, er skuld i klimaendringane. Dette slepper ut meir klimagassar, som vert fanga i atmosfæren til jorda.

Korleis verkar det?

Drivhusgassar hindrar varme i å sleppe ut av atmosfæren. Dette gjev mellom anna surare havvatn, ekstremvêr, tynnare ozonlag, høgare temperatur, issmelting, høgare havnivå og mykje meir.

Kva kan skje?

Viss ikkje utsleppa vert mindre, kan temperaturen på jorda stige med 4 °C og havnivået stige med 26-82 cm innan 2100. Nokre land vil få for mykje vatn, medan andre får for lite. Med ei stigning på 2 °C, kan havet fløyme over bustadane til 280 millionar menneske.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Drivhuseffekten  

Overflatetemperaturen til jorda er på 15 °C og er styrt av drivhusgassane – også kalla klimagassane – i atmosfæren. Dei syg til seg ultrafiolett stråling frå jorda. Desse gassane er som eit varmeteppe rundt jorda. Viss dei forsvann, ville planeten fryse. Med for mykje gassar ville han derimot verte for varm.

Vi kan samanlikne laget av klimagassar med glaset i eit drivhus: Sola varmar opp lufta innanfor glaset om dagen og gjev gode vekstforhold for plantar. Om natta vert noko av varmen slept ut til lufta utanfor igjen, og drivhuset vert avkjølt.

Drivhusgassar

Dei viktigaste drivhusgassane for oss er vassdamp (H2O), karbondioksid (CO2), metan (CH4), nitrogendioksid (N2O), fluorgassar (som KFK, PFK og SF6) og ozon (O3). Alle desse er naturlege gassar, og vassdamp utgjer 95 prosent av drivhusgassane.

Forsterka effekt

Drivhusgassar i riktige mengder held jorda passe varm for liv. Men med ein forsterka drivhuseffekt kjem for mykje CO2 (frå fossilt brensel) ut i atmosfæren. Det fører til at meir av solvarmen vert fanga inne i atmosfæren og at jorda vert varma opp.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er metan? 

Vi treng energi

Sjølv om vi hadde slutta å sleppe ut klimagassar i dag, ville jorda framleis vorte varmare i hundrevis av år. Det er ikkje mogleg å nekte all bruk av fossilt brensel. Det er derimot mogleg å verte mindre avhengig av det. Samstundes må vi bruke meir fornybar energi, som sol- og vindenergi. Vi må også finne nye typar rein energi og lage meir CO2. Det er mange nye oppfinningar på veg. I Spania gjev til dømes verdas første soltårn straum til 94 000 bustadar. Det sparar utslepp av 114 000 tonn CO2 i året.

Fram til for cirka 3000 år sidan fyrte folk med ved, som er fornybart. Etter dette vart veden erstatta med kol, som er eit ikkje-fornybart, fossilt brensel. Under og etter den industrielle revolusjonen, som starta i 1970, vart det eit behov for meir fossilt brensel. Folk levde lenger, og det vart fleire menneske på jorda. I dag står fossilt brensel for 85 % av all energi. Berre 15 % kjem frå biobrensel, biomasse, vindkraft og solenergi.

Det finst rundt 500 offshore-oljeriggar i verda. Dei hentar opp nesten 90 millionar fat råolje kvar dag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Visste du at …  

atomkraft ikkje slepper ut mykje klimagassar, men at brennstoffet, uran, kan vere svært farleg å bruke? Det såg vi etter at Fukushima-kraftverket i Japan vart skada av eit jordskjelv i 2011. Livsfarlege stoff vart spredd over eit stort område, og katastrofen gjorde betydeleg skade på dei næraste omgjevnadene.

Havet endrar seg

Omtrent 70 % av overflata til jorda er dekka av hav. Det er difor ikkje rart at jorda vert kalla «den blå planeten». Sjølv om kvart hav har eit eige namn, er dei eigentleg eitt stort, samanhengande hav. Alt liv på jorda er avhengig av havet for å overleva. Havet styrer klimaet, syg opp 95 % av solstrålinga, driv krinsløpet til vatnet, gjev mat til millionar av menneske og mykje meir. Global oppvarming er alvorleg for havet. Viss havnivået held fram med å stige, kan åtte av verdas største byar verte fløymde over av våtmarker.

Forsuring av havet – kva er det?

Kjemien til havet endrar seg, slik at vatnet vert surare. Det er normalt at havet syg opp CO2 , men sidan det er meir CO2 i atmosfæren enn tidlegare, syg havet opp meir enn vanleg. Vatn (H2 O), og CO2 går saman og dannar karbonsyre (H2 CO3). Dette er ei syre som gjer at havet vert surare.

I 300 millionar år hadde havet ein pH på rundt 8,2, men frå 1800-talet og framover har havet hatt ein pH på 8,1. Med tida vil alle sjødyr, frå plankton og oppover, verte påverka. Korallar og skaldyr er spesielt utsette, for kalkskalet deira løyser seg opp.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kalk i vatnet mot sur nedbør 

Sjødyr i fare 

Havet er berre vorte ei grad varmare, men det er nok til at mange sjødyr kan døy ut. Leveområde i havet reagerer saktare på global oppvarming enn leveområde på land. Reaksjonen er derimot meir alvorleg. Vi ser utsvoltne isbjørnar som må symje lange vegar mellom spreidde isflak for å jakte på sel. I den andre enden av næringskjeda gjev varmare havvatn gode levekår for dyreplankton. For å tilpasse seg dei nye forholda i havet, flyttar mange artar seg til andre stadar. Mistar dei den moglegheita, kan dei døy ut.

Visste du at … 

smeltinga av drivisen som flyt på havet, ikkje gjer at havnivået stig? Havnivået stig berre når isen som finst i isbrear, iskalottar og innlandsis smeltar.

Land i endring

Global oppvarming og klimaendring har gjort størst skade i Arktis, Antarktis, Alaska og i nordområda i Canada og Russland. Effektane kan vi derimot sjå over heile kloden. Landskap og leveområde har endra seg. Det alvorlegaste er at kjelder med ferskvatn turkar ut på grunn av mindre regn. I Los Alamos i Mexico vart pinjetrea så stressa av turken i 2002-2003 at dei vart angripne av barkebiller. Ni av ti pinjetre døydde.

Øyer som forsvinn

I 2016 fekk vi høyra at fem av Salomonøyene i Stillehavet hadde forsvunne. Havet hadde stige med 20 cm i løpet av 20 år. Havet stig fordi isen smeltar, og fordi vatnet utvidar seg på grunn av varmen. Andre øystatar, som Kiribati og Marshalløyene, står i fare for å oppleve det same.

Permafrost

Den globale oppvarminga har hatt størst innverknad på dei kaldaste strøka på jorda. Permafrosten – eit 200-650 m tjukt lag med frosen jord – har byrja å tine. Då fell jorda saman under skogar og byar, og CO2 som har lege lagra i jorda, vert sleppt ut i atmosfæren.

Forørkning

Når fruktbar jord vert til ørken, kallar vi det forørkning. Grunnen er for det meste turke og hogging av skog. Ein annan grunn er dårlege jordbruksmetodar. Forørkning fører både til svoltkatastrofar og til at artar vert utrydda.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Landdyr i fare

Dei første dyra som lid på grunn av klimaendringane, er dei som trivst i kalde strøk. For å sleppa unna varmen forlet mange dyr både mat og yngleplassar i dei naturlege leveområda sine. På ein ny stad truar nye rovdyr, mangel på mat og farlege sjukdomar. Forskarar spår at berre 4 prosent av verdas dyr og plantar vil få noko godt ut av klimaendringane. Resten vil enten måtte flytea til nye område eller døy ut. I 2009 vart Bramble Cay-rotta i Australia det første pattedyret som døydde ut på grunn av klimaendringar.

Kva skjer med oss? 

Menneske treng luft, vatn, mat, husvære og søvn for å overleva. Men det er nettopp desse behova klimaendringane truar med å øydeleggje.

Vassmangel

La Paz i Bolivia vil truleg verte den første hovudstaden i verda som vert meir eller mindre forlaten på grunn av mangel på ferskvatn, sidan forsyninga av smeltevatn frå breane har minka drastisk. Ferskvatn vil verte den mest verdifulle ressursen i verda. Dette vil føre til konfliktar og dødsfall.

Økonomisk tap  

I tillegg til at menneske omkjem, gjer ekstremvær skadar for milliardar av kroner. Det forstyrrar handel, industri og matproduksjon, noko som gjer at mange mistar levebrødet. Det fører også til at folk flyktar til mindre utsette område, og det gjer det fullt på dei stadane dei flyktar til.

Avlingane døyr

Klimaendringar kan få ekstreme følgjer som er vanskelege å førestille seg. Til dømes kan det verte for mykje eller for lite vatn, eller for høge eller for låge temperaturar. Dette kan gje dårlege avlingar eller øydeleggje avlingane heilt. Mykje CO2 i lufta gjer at nokre kornsortar, som kveite, ikkje vert så næringsrike som dei skulle ha vore.

Kva vert gjort?

Over heile verda jobbar ein intenst for å finna løysingar på problema som klimaendringane skapar. Det er ei stor oppgåve, som krev at menneske, industriar, produsentar, energiselskap og leiarane i verda må tenkja nytt. Ofte møter dei sterk motstand. Å kjempe mot global oppvarming krev grundig forsking, stor innsats frå miljøorganisasjonar, betre teknologi og nye lover. Men det viktigaste av alt er at ein verkeleg vil gjere noko.

Kva tyder karbonnøytral?

Ein oppnår karbonnøytralitet når karbonet som vert sleppt ut i atmosfæren, svarar til karbonet ein sparar ved hjelp av fornybar energi, treplanting eller karbonlagring.

Karbonnøytrale stader:
Vatikanstaten i Italia, Ta’u i det sørlege Stillehavet, øya Samsø i Danmark.

Stadar som har forplikta seg til å verte karbonnøytrale:
Britisk Columbia (kanadisk provins), Costa Rica I Mellom-Amerika, Maldivene i Sør-Asia, Tuvalu i der sørlege Stillehavet, København (hovudstaden i Danmark), Noreg, Island og Sverige.

Å vera karbonnegativ vil seie at det vert soge opp meir karbon enn det som vert sloppe ut.

Karbonnegative land: 
Bhutan i Sør-Asia

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. NRK
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Getty Images
    18. Getty Images
    19. Getty Images
    20. Getty Images