Mangfald og inkludering er viktig
Mangfald og inkludering på arbeidsplassen handlar om å gi alle moglegheit til å vere ein del av arbeidslivet – uansett kjønn, etnisitet, alder, seksuell orientering, religion eller funksjonsnivå.
Dette er utruleg viktig og verdifullt, både for den personen som blir tilsett og for bedrifta som tilset. Når alle får moglegheit til å ta del i arbeidslivet, bidreg det til å jamne ut sosiale forskjellar i samfunnet. Dette er eitt av måla innanfor berekraftig utvikling.
La oss sjå på nokre gode grunnar til at mangfald og inkludering styrkjer bedrifta di.
Kreative løysingar
Når du samarbeider med andre menneske som har ein annan bakgrunn enn deg, vil folk ha ulike tankar og idear. Då vil det òg dukke opp fleire nye idear og moglege løysingar på dei utfordringane du møter. Dette er bra for bedrifta!
Fleire flinke folk
I bedrifter der leiinga fokuserer på mangfald og inkludering, vil ein mest sannsynleg òg få eit betre arbeidsmiljø. Dette vil i sin tur bidra til å gjere bedrifta til ein populær stad å jobbe. Ein populær arbeidsplass med eit godt, kreativt og nyskapande arbeidsmiljø, vil ganske sikkert tiltrekkje seg mange flinke folk.
Kundane dine
Ei bedrift med eit mangfald blant dei tilsette vil òg tiltrekkje seg eit mangfald av kundar, rett og slett fordi du har eit betre utgangspunkt for å forstå ei variert kundegruppe. Denne forståinga gjer det enklare å tilpasse produktet eller tenesta di, slik at kundane dine får akkurat det dei treng. Det er lønnsamt for bedrifta di, og det er verdifullt for kundane dine.
Gode avgjerder
Når menneske som er veldig ulike skal finne gode løysingar saman, utfordrar dei gjerne kvarandre sine idéer og meiningar fordi dei tenkjer ulikt. Dette kan føre til meir gjennomtenkte og effektive løysingar og avgjerder.
Kulturell beriking
Mangfald gir deg moglegheit til å lære om andre kulturar og tradisjonar. Inkludering handlar ikkje berre om å tilsetje folk med ulik bakgrunn, men òg om å skape ein kultur der folk respekterer og set pris på desse forskjellane. Når vi respekterer kvarandre, kan vi lære av erfaringane til kvarandre og bruke dei i arbeidet vårt.
Mangfald og inkludering skjer ikkje av seg sjølv. Alle må bidra til å skape eit miljø der kvar og ein kjenner seg inkludert og respektert. Først då får ein eit verkeleg godt arbeidsmiljø, og det er nøkkelen til suksess for deg, for bedrifta og for samfunnet vårt.