Bli kjend med marknaden din
Tenk deg at du har ein god idé som du vil tene pengar på. Kva må du gjere for å komme i gang?
Først må du sjekke om folk vil kjøpe det du tilbyr. Vi seier at du må sjekke om det finst ein marknad for produktet ditt.

Finst det ein marknad
for idéen din?
Tenk deg at du vil tene litt ekstra på å måke snø og klippe gras for naboane.
Viss dei fleste bur i blokk, finn du ikkje mange kundar. Dessutan må du kjøpe utstyret du treng.
Kanskje du må bruke meir enn du tener?

Er det plass til deg
og idéen din?
Vil du bli strikke-influensar? Då bør du sjekke om det er plass til deg på marknaden.
Gjer ein marknadsanalyse for å sjekke om folk er interesserte i ideen din. Viss ingen synest det er vanskeleg å skrelle ein mango, er det ikkje lurt å lage ein mangoskrellar.



Til refleksjon
Sjå på nokre produkt som allereie finst. Kvifor trur du mange kjøper dei?
Ta til dømes Skolerom.no.
- Kven trur du dei snakka med før dei starta tenesta?
- Kva trur du var viktige ting for dei å tenkje på?
