Bli kjend med marknaden din
Tenk deg at du har ein skikkeleg god idé. Ein idé som du vil dele med andre og tene pengar på. Er det ikkje berre å setje i gang?
Det er nok ikkje så enkelt. Først må du sjekke om folk liker ideen din og er villige til å betale for den. Vi seier at du må finne ut om det finst ein marknad for produktet eller tenesta di.

Finst det ein marknad
for idéen din?
Tenk deg at du vil begynne med snømoking og hagearbeid for naboane for å tene litt ekstra.
Viss du har få naboar som har ein hage, vil du ikkje få så mange kundar. Dessutan må du kjøpe utstyr som snøskuffe og hagereiskap.
Det kan bli mange utgifter og lite inntekter.

Er det plass til deg
og idéen din?
Har du lyst til å bli strikke-influensar? Mange strikke-influensere gjer det bra. Er det plass til ein til?
Du bør òg undersøkje om det finst ein marknad for ideen din. Viss ingen synest det er vanskeleg å skrelle ein mango, er det ikkje så lurt å lage ein mangoskrellar.
Gjer ein marknadsanalyse før du set i gang. Då finn du ut om mange er interesserte i ideen din.



Til refleksjon
Sjå på nokre tenester og produkt som allereie finst. Kvifor trur du dei er populære?
Ta til dømes Skolerom.no.
- Kven trur du dei snakka med før dei starta tenesta?
- Kva trur du var viktige ting for dei å tenkje på?
