Bli kjend med marknaden din
Tenk deg at du har komme på noko du meiner er ein skikkeleg god idé. Ideen din er faktisk så god at du har lyst til å dele han med resten av verda og tene pengar på han. Er det ikkje berre å setje i gang, då?
Nei, så enkelt er det nok ikkje. For sjølv om du meiner at du har ein kjempegod idé, så er det ikkje sikkert andre er samde med deg. Derfor må du finne ut om folk liker ideen din og er villige til å betale for han. Du må med andre ord finne ut om det er ein marknad for produktet eller tenesta di.
 
                
    Finst det ein marknad
for idéen din?
Førestill deg at du vil påta deg snømoking og hagearbeid i nærmiljøet ditt. Det høyrest ut som noko du kan tene pengar på, ikkje sant?
Men viss det er få som faktisk har hage i nabolaget, er det ikkje sikkert marknaden din er stort nok til at ideen vil lønne seg. Kanskje du må ta buss for å komme deg til folk som har hage, og bussbilletten kostar pengar. Dessutan må du kanskje kjøpe både grasklippar, kjeledress og snøskuffe. Det kan bli mykje jobb for lite pengar.
 
                
    Er det plass til deg
og idéen din?
Tenk deg at du gjerne vil bli strikke-influensar. Det finst fleire handarbeids-influenserar som gjer det veldig bra, men er det plass til deg òg?
Det bør du undersøkje før du kastar deg ut i det. Dessutan bør du undersøkje om det er ein marknad for ideen din. Viss ingen eigentleg synest det er vanskeleg å skrelle ein mango, er jo ikkje ein mangoskrellar ein særleg god idé.
Nettopp derfor er det lurt å gjere ein marknadsanalyse før du set i gang. Då undersøkjer du kor mange som kan vere interesserte i tenesta eller produktet ditt.
 
                
     
                
     
                
    Til refleksjon
Sjå på nokre forretningsidear som allereie eksisterer. Kvifor trur du at mange vil ha denne tenesta/dette produktet?
Ta utgangspunkt i Skolerom.no. Kven trur du menneska bak Skolerom snakka med før dei lanserte denne tenesta? Kva trur du var viktig for dei å tenkje på?
