Kva for rolle passar best for deg?

Vi har alle ulike eigenskapar og interesser. Jobbar du best åleine, eller saman med andre?

Enkelte liker å prate mykje, andre vil heller lytte. Er du den morosame i vennegjengen, eller den andre kjem til for å få trøyst?

Korleis du er som person, kan fortelje deg mykje om kva slags jobb du vil trivast best med.

Eigenskapar og motivasjon

Antakeleg har du ikkje bestemt deg for kva du vil jobbe med enno. Du har framleis tid til å ombestemme deg mange gongar.

Mange av dagens yrke vil forsvinne, og heilt nye arbeidsplassar vil dukke opp.

Tenk på kva du er flink til og kva du liker å gjere. Det kan hjelpe deg å finne ut kva slags jobb du bør velje. Er du ein leiar, eller liker du best å la andre bestemme?

Vi treng alle typar menneske i arbeidslivet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

NRK: éi bedrift – 100 yrke

Lat oss bruke NRK som døme. 

Leiar

Øvste leiar for NRK er kringkastingssjefen. Ho må vere god til å tenkje og planleggje. Ho må òg vere flink til å få andre til å gjere ein god jobb. Er dette noko du kjenner deg igjen i?

Journalistar

NRK har mange journalistar. Nokre skriv om nyheiter, andre om sport eller musikk. Sjølv om alle er journalistar, har dei ulike jobbar.

Andre jobbar

Det finst òg mange andre jobbar i NRK. Nokre lagar kostyme, andre jobbar med økonomi, og nokre er programleiarar.

Kva andre jobbar trur du dei har i NRK?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mange moglegheiter

Det finst mange jobbar i dei fleste bedrifter. Derfor kan du bruke ferdigheitene dine i mange ulike yrke.

Starte eiga bedrift?

Vil du starte di eiga bedrift? Då må du kjenne styrkane og svakheitene dine godt. Du må vite kva som motiverer deg og kva du liker å gjere.  Om du til dømes vil starte ei bedrift som redesignar klede, må du like mote og vere flink til å sy.

Treng du hjelp?

Kanskje du ikkje er så god til å handtere pengar eller drive marknadsføring på nett. Då treng du kanskje hjelp frå andre.

Mange roller i ei lita bedrift
Som gründer må du ofte gjere mange jobbar sjølv den første tida. Då vil du garantert lære noko nytt som du kan få bruk for i andre samanhengar òg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Til refleksjon

  • Veit du om nokon jobbar som ikkje fanst for 10-15 år sidan? Har du forslag til nye yrke som ikkje finst enno?
  • Kva for jobb ville du helst hatt i NRK? Kvifor det?
  • Kva ville du ha synest var vanskelegast viss du skulle starte di eiga bedrift? Kva ville du ha likt best?
  • Sjekk ut jobbannonsar på finn.no.
    • Ser du nokre eigenskapar som går igjen i annonsane?
    • Kvifor trur du desse eigenskapane er viktige?