Kva for rolle passar best for deg?

Alle har ulike styrkar, interesser og personlegdomstrekk. Har du tenkt på kva dine er? Somme jobbar best åleine, medan andre trivst best i gruppe. Liker du å komme med forslag når de har gruppearbeid? Eller vil du heller lytte til dei andre?

Er du den morosame i vennegjengen, eller den andre kjem til for å få trøyst?

Korleis du er som person, kan fortelje deg mykje om kva slags jobb du vil trivast best med.

Eigenskapar og motivasjon

Mange elevar på ungdomsskulen er usikre på kva dei vil jobbe med. Tenkjer du på å bli skodespelar, sjukepleiar eller elektrikar?

Kanskje du finn noko anna som du synest er meir spennande. Mange av dagens yrke vil forsvinne, og heilt nye arbeidsplassar vil dukke opp.

Det er lurt på tenkje på kva du er flink til og kva du liker å drive med. Det har mykje å seie for kva slags jobb du vil trivast med. Kva rolle har du til dømes i vennegjengen? Er du ein leiar, eller liker du best å la andre bestemme?

Alle typar menneske er viktige på ein arbeidsplass.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

NRK: éi bedrift – 100 yrke

Lat oss bruke NRK som døme. 

Leiar

Ho er sjefen i NRK. Ho har ansvaret for alle programma kanalen lagar, og ho må planleggje kva slags program NRK skal vise sjåarane sine.

For å gjere ein god jobb må ho vere flink til å forstå mykje ulik informasjon. Dessutan må ho vere flink til å motivere dei andre som jobbar i kanalen. Er dette noko du kjenner deg igjen i?

Journalistar

NRK har mange journalistar. Sjølv om alle har den same utdanninga, jobbar dei med veldig ulike ting. Ein jobbar kanskje med nyheiter, ein annan med musikk, og ein tredje med sport.

Andre jobbar
Det finst òg mange andre jobbar i NRK. Nokre er regissørar, andre er scenearbeidarar eller kostymedesignarar. Alle desse jobbane er like viktige for at NRK skal kunne lage nye program.

Kva for andre jobbar trur du dei har i NRK?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mange moglegheiter

I dei fleste bedrifter er det mange ulike jobbar som må gjerast. Det betyr at du har mange moglegheiter til å finne deg ein god jobb, uansett kva du er flink til. Vêr nysgjerrig!

Starte eiga bedrift?

Viss du tenkjer på å starte di eiga bedrift, er det ekstra viktig å tenkje på kva styrkar og svakheiter du har. Viss du til dømes vil drive med redesign av klede, bør du like mote og vere god til å sy.

Treng du hjelp? 

Men er du like flink med pengar og rekneskap? Nokre gongar er det lurt å få litt hjelp frå nokon som er flinke til det du sjølv er usikker på.

Mange roller i ei lita bedrift

Som gründer må du ofte gjere mange ulike jobbar sjølv den første tida. Då må du kanskje lære nye ting.

Kanskje du oppdagar nye talent hos deg sjølv medan du er i gang? Du vil garantert lære noko nytt som du kan få bruk for i andre samanhengar òg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Til refleksjon

  • Veit du om nokre jobbar som har dukka opp dei siste 10-15 åra? Kan du tenkje deg nokre jobbar som ikkje finst enno?
  • Kva for stilling ville du ha valt viss du skulle jobbe i NRK? Kvifor?
  • Kva for roller ville du ha synest var vanskelege viss du skulle starte di eiga bedrift? Kva for roller ville du likt best?
  • Gå inn på finn.no/jobb og les nokre jobbannonsar.
    • Kva for eigenskapar går igjen i annonsane?
    • Kvifor trur du desse eigenskapane er viktige?