Kva er du
interessert i?
Vil du ha ein spennande jobb? Då kan du bli ein gründer. Ein gründer er ein som startar si eiga bedrift.
Først må ein tenkje ut nokre gode idéar. Ofte må ein prøve ut fleire ting før ein finn ut kva som fungerer. Då er det smart å ha ein plan B.

Motivasjon
Kva liker du å gjere? Dataspel? Sminke? Det er lurt å jobbe med noko du brenn for.
Viss du jobbar med noko du liker, blir jobben morosamare. Dessutan er det lurt å jobbe med noko du kan noko om!




Næringslivets Petter Smart!
Gründerar er litt som Petter Smart. Dei lagar ting som folk treng.
No har du lært meir om korleis du kan få ein god idé. Du kan òg bli ein gründer! Tek du utfordringa?
Til refleksjon:
- Kvifor treng vi gründerar?
- Tenk på ting vi er glade vi har i dag. Fanst dei før i tida? Korleis klarte folk seg utan dei?
