Kva er du
interessert i?

Vil du ha ein spennande og morosam jobb? Då kan du bli ein gründer! Ein gründer er ein som startar si eiga bedrift, men først må ein ha ein god idé.

Det beste er viss ein har fleire gode idear. Ofte må ein prøve ut fleire ting før ein finn ut kva som fungerer. Då er det lurt å ha tenkt ut fleire moglegheiter på førehand.

Motivasjon

Kva liker du godt? Dataspel, sport, å passe på naturen, musikk, lage mat, eller sminke? Det hjelper mykje å finne ein idé som handlar om noko du er interessert i.

Når du jobbar med noko du liker, blir jobben morosamare. Du blir meir motivert. Du veit mykje om det du liker, og det hjelper deg i jobben din.

Kva er en god idé?

Ein god idé er noko nytt, noko som løyser eit problem eller dekkjer eit behov. Sjå etter ting som ikkje fungerer i kvardagen. Det kan vere store ting som klimaendringar eller små ting som å skrelle ein mango.

Korleis finne ein god idé?

Ta ein titt på verda rundt deg. Kjenne du nokon hundeeigarar som treng hjelp til å gå tur med hunden? Burde de hatt ein leksehjelp-app på skulen? Eller ein app som gjer det lettare å dele utgifter med venner?

Tenk på kva folk treng og kva du sjølv saknar. Snakk med folk, og spør kva som kunne gjort kvardagen dykkar enklare!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kreativitet er nøkkelen

Når du har funne eit problem, kan du begynne å tenkje på korleis du kan løyse det. Det er slik du finn gode idear.

Kreativitet er nøkkelen her. Enkelte er kanskje meir kreative enn andre, men alle kan vere kreative og finne gode løysingar på denne måten!

Idéprosess

Ikkje vent på at den gode idéen skal dukke opp av seg sjølv. Jobb for å finne den! Skriv ned alt du kjem på. Ver open, og ikkje ver redd for rare idéar.

Nokre gonger kan dei raraste tankane føre til dei luraste løysingane.

Å komme i gang

Tenk på noko du liker, til dømes musikk. Skriv ned alt du kjem på som har med musikk å gjere. Då set du i gang fantasien, og det er lettare å tenkje kreativt.

Idémyldring

Skriv ned alle idéane som poppar opp i hovudet på eit blankt ark. Ingen idear er for rare! Dette kan du gjere åleine eller saman med venner.

Tankekart

Vil du løyse eit samfunnsproblem, som til dømes matsvinn? Skriv “matsvinn” i midten av eit stort ark. Skriv deretter ned alt du kjem på om matsvinn. Då kan du få idéar du kanskje ikkje ville ha fått elles.

Spørsmål og observasjon

Spør deg selv: “Kva om …?” eller “Korleis kan vi …?” Sjå deg rundt, og finn problem du kan løyse.

Til dømes:

  • Kva om det fanst ein dings som skrellar mango? 
  • Korleis kan vi kutte matsvinn?
  • Korleis kan vi få hjelp til lekser?
  • Korleis kan vi bruke mindre plast?
Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Lat deg inspirere av andre!

Sjå på produkt eller idéar som finst allereie. Tenk på korleis du kan forbetre dei eller kombinere dei for å lage noko nytt og betre. Google var ikkje den første søkjemotoren. Nokon forbetra ein allereie eksisterande idé, og no har google vorte eit eige verb for å søkje på internett!

Lær av andre gründerar
Les om kva andre gründerar har gjort for å lykkast. Lær av kva dei har gjort rett, og av kva dei har gjort feil, og bruk det på vegen mot å bli ein gründer .

Ikkje feil å feile

Å gjere feil er ein del av å vere gründer. Dei fleste gründerar gjer mange feil på vegen. Det viktige er å lære av desse feila og prøve igjen. Hugs at ein får mykje kunnskap og erfaring på denne måten, og det hjelper oss å utvikle oss vidare.

Museum of Failure

Det finst eit museum der ein kan sjå at òg store internasjonale selskap går på ein smell i blant. Hugs at alle kan feile – det er slik vi blir klokare!

MUSEUM OF FAILURE

Utforsk ulike idéar
Mange rare idéar har vorte kjempesuksessar. Ikkje begrens deg sjølv! Tenk stort, lite, morosamt eller praktisk – bruk fantasien!

Veit du om nokre rare idéar som har vorte superpopulære?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Næringslivets Petter Smart!

Gründerar er litt som Petter Smart. Dei ser kva folk treng og finn smarte løysingar. Alt er mogleg! 

No veit du meir om korleis du kan få ein god idé. Vil du starte di eiga bedrift? Då kan du bli ein gründer! Tek du utfordringa?

Til refleksjon:

  • Kvifor er det viktig at nokon blir gründerar? 
  • Kan du tenkje på nokre produkt eller tenester som vi er nesten avhengige av no, men som ikkje fanst for fem, ti eller tjue år sidan?