Kva er du
interessert i?
Drøymer du om å skaffe deg ein morosam, meiningsfylt og utfordrande jobb? Det er bra! Då har du eit skikkeleg godt utgangspunkt for å bli ein gründer. Ein gründer er ein person som startar si eiga bedrift, men først må ein ha ein god idé.
Eller helst mange gode idéer. Viss ein vil bli ein gründer, kan det nemleg vere smart å ha meir enn berre éin god idé. Ofte kan ein idé verke kjempelur med ein gong ein kjem på den, men etter kvart finn ein ut at den kanskje ikkje er så god likevel. Då er det smart å ha ein plan B.

Motivasjon
Kva er du mest interessert i? Er det dataspel, sport, miljøvern, musikk, matlaging eller sminke? Viss du skal lykkast som gründer, er det lurt å jobbe med noko du brenn for.
Viss du jobbar med noko du liker, blir jobben både morosamare og meir motiverande. Det er òg ein stor fordel å jobbe med noko du kan mykje om.




Næringslivets Petter Smart!
Gründarar er litt som Petter Smart. Dei ser eit behov eller eit problem og finn smarte måtar å løyse dei på. Alt er mogleg!
Nå veit du litt meir om korleis du kan få ein god idé. Viss du drøymer om å starte di eiga bedrift, kan du òg bli ein gründer. Tek du utfordringa?
Til refleksjon
Kvifor er det viktig at nokon blir gründerar?
- Kjem du på nokon produkt eller tenester som vi er nesten avhengig av no, men som ikkje fanst for fem, ti og 20 år sidan?
