Forretningsidé

Alle gründereventyr begynner med at nokon får ein god idé.

Etterpå må ein lage ein forretningsmodell som viser korleis ideen kan bli til ei bedrift som tener pengar.

Forretningsmodell

Ein forretningsmodell beskriv klart og tydeleg korleis bedrifta di kan tene pengar.

Men ein forretningsmodell må forandrast etter kvart som det dukkar opp ny teknologi og nye trendar.

Dette blir kalla forretningsutvikling.

Du kan faktisk bli forretningsutviklar

Ein forretningsmodell må forandrast etter kvart som folk får nye vanar.

Viss ein driv ei  bedrift, kan ein tilsetje ein forretningsutviklar som kan følgje med på kva kundane dine vil ha.

Ein forretningsutviklar lagar nye produkt og tenester. Dei finn òg nye måtar bedrifta kan tene pengar på.

Mange forretningsutviklarar har studert økonomi eller  entreprenørskap.

Ein som jobbar med forretningsutvikling kan ha tittel som produktutviklar eller innovasjonsleiar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ikkje alt blir suksess!

Ikkje alt som er nytt blir populært. Eit døme er Sørlandschips sitt potetgull med smak av appelsin-sjokolade. Det høyrest rart ut, ikkje sant?

Andre døme er gul ketchup, eller ei blanding av mjølk, jus og vatn. Desse produkta blir ikkje lenger selde.

Det er viktig å prøve og feile

Det er viktig at bedriftene prøver å lage noko nytt. Elles utviklar ikkje bedrifta seg. Hugs at ein lærer mykje av å gjere feil.

Selskap som Disney og Google oppmuntrar dei tilsette til å prøve, feile og lære.

I staden for å kjefte på tilsette som mislykkast, deler dei ut premiar for dei mest mislykka prosjekta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Finn fundamentet

Tenk nøye over kva vil du oppnå med ideen din. Det er grunnlaget for forretningsmodellen din.

Tenk over:

  • Kva er faren ved å ikkje ha ein forretningsmodell? 
  • Kvifor trur du nye gründarar ofte lagar ein forretningsmodell som ikkje lar seg gjennomføre?