Pengar er ikkje alt!

Pengar er ikkje alt her i verda. Men viss du skal starta eiga bedrift, må du sørgje for å tene meir enn du brukar. Ingen bedrifter overlever utan pengar.

Treng du startkapital?

Dei pengane du må bruke for å komme i gang med bedrifta di, blir kalla startkapital.

Viss du vil redesigne brukte klede, treng du stoff, knappar, tråd og anna utstyr. Dessutan bør du ha ei nettside og ein fin logo.

Tenk framover

Hugs at du treng nok pengar til at bedrifta di kan halde opent ei stund.

Kundane må få tid til å oppdage produkta dine før du kan begynne å tene pengar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis skaffar du startkapital?

Du kan låne pengar i banken eller frå nokon i familien. Hugs at banken vil ha renter, og at du må betale tilbake meir enn du låner.

Investor

Viss du har ein god idé, kan du kanskje skaffe ein investor som gir deg pengar i byte mot ein del av bedrifta. Du blir samd med investoren om kven som skal eige kva.

Salspitch

Prøv å finne ein investor som trur på ideen din. 

Lag ein god presentasjon av ideen din. Forklar forretningsmodellen (lenke til annan artikkel) og vis fram resultatet av marknadsundersøkingane du har gjort.

Dette blir kalla ein salspitch.

Eit realistisk budsjett

Du må setje opp et realistisk budsjett for bedrifta di. 

  • Det betyr at du må skrive ned alle utgifter, som straum, lønn, husleige og andre ting du må kjøpe inn.
  • Så må du skrive opp inntektene. Det betyr alt du vil tene på å selje varer. 

Kva trur du skjer viss utgiftene dine er større enn inntektene?

Kan du verkeleg betale alle rekningane når startkapitalen er brukt opp? Viss ikkje, må du anten tene meir, eller bruke mindre.

Ein gründer kan ofte ikkje ta ut lønn til å begynne med. Kanskje du kan tene litt ekstra på å ta på deg syoppdrag i tillegg til å selje redesigna klede?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kva betyr konkurs?

Nokre gongar kan ein mislykkast sjølv om ein har førebudd seg godt. Kanskje nokon lagar eit betre produkt, eller kanskje kundane ikkje vil betale så mykje som du treng for at bedrifta skal tene pengar.

Konkurs betyr at ei bedrift ikkje lenger kan betale utgiftene sine. Då kan dei du skuldar pengar, krevje at selskapet blir lagt ned.

Du kan òg slå bedrifta konkurs viss du ikkje kan betale rekningane dine. Då må du sende ei melding til domstolen og seie at du vil leggje ned selskapet. Lova seier at du må slå bedrifta konkurs viss det skjer.

Når bedrifta er konkurs, bestemmer du ikkje lenger over det selskapet eig. I staden skal ein bustyrar passe på at eigedelane blir fordelte mellom dei du skuldar pengar.

Konkurs – ei nyttig erfaring

Det kan vere skummelt å tenkje på at bedrifta di kan gå konkurs. Men mange flinke gründerar har gått konkurs fleire gongar.

Ofte seier dei at dei lærte mykje om kva dei kunne gjere betre. Du kan godt starte ei ny bedrift sjølv om du skulle gå konkurs!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Til refleksjon

  • Kva er bra og dårleg med å låne pengar frå banken?
  • Kva er bra og dårleg med å få pengar frå ein investor?
  • Kvifor kan du ikkje bestemme over bedrifta sine ting viss du går konkurs?
  • Kvifor må ei bedrift slå seg sjølv konkurs viss ho ikkje kan betale det ho skuldar?