Pengar er ikkje alt!

Pengar er ikkje alt her i verda, blir det sagt. Men viss du vil starte eiga bedrift, må du tenkje på kva du vil tene, og kva utgifter du vil ha. Ingen bedrifter overlever utan å tene pengar.

Treng du startkapital?

Ofte må du bruke ein del pengar før du kan tene pengar. Dette blir kalla startkapital, og er pengane du treng for å betale rekningane til bedrifta til ho begynner å tene pengar.

Viss du til dømes vil redesigne brukte klede, må du kjøpe tekstil, knappar, tråd og anna utstyr. Kanskje du treng ei god symaskin òg. Dessutan treng du ei nettside og ein fin logo.

Tenk framover

Du bør rekne med at du treng nok pengar til at bedrifta kan halde opent ei stund før du begynner å tene pengar, for kundane må få tid til å oppdage produkta dine eller tenesta di.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis skaffar du startkapital?

Det finst fleire måtar å skaffe pengar på. Du kan låne frå nokon i familien, eller søkje om eit lån i banken. Berre hugs at banken vil ha renter, og at du derfor må betale tilbake meir enn du låner.

Investor

Viss du har ein god idé, kan du kanskje få nokon til å investere i bedrifta di. Det betyr at vedkommande gir deg pengar, i byte mot å eige litt av bedrifta. Du blir samd med investoren om kven som skal eige kva.

Salspitch

Først må du finne ein investor som trur på ideen din. Korleis kan du overbevise investoren om at ideen din er god? 

Lag ein god presentasjon av ideen din. Forklar forretningsmodellen (linke til annan artikkel) din og vis fram resultatet frå dei marknadsundersøkingane du har gjort. 

Det er viktig å lage ein grundig og lettfatteleg presentasjon med gode argument. Dette blir kalla ein salspitch.

Eit realistisk budsjett

Du må òg lage eit realistisk budsjett for bedrifta, for å sjå om det faktisk er mogleg å tene nok pengar på ideen din. 

I budsjettet må du ha med to ting:

  • Du må lage ei liste over alle utgifter, som straum, husleige, lønn eller annonsering. Ver realistisk – det hjelper ikkje å lure seg sjølv.
  • Budsjettet må òg vise kor mykje du trur bedrifta kan tene. Dette kallar vi inntekter. 

Ikkje ver for optimistisk. Kan du verkeleg betale alle rekningane når startkapitalen er brukt opp? Det er viktig at du tener meir enn du brukar. Tenk etter om det er noko du kan gjere for å få færre utgifter.

Ein gründer kan ofte ikkje ta ut lønn til seg sjølv den første tida. Kan du gjere noko for å tene meir? Til dømes ta på deg syoppdrag i tillegg til å selje redesigna klede?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kva betyr konkurs?

Sjølv om du har førebudd deg godt, er det ikkje sikkert at bedrifta di lykkast. Kanskje nokon har eit betre produkt, eller kanskje kundane ikkje vil betale så mykje som du treng for at bedrifta skal tene pengar. Nokre gongar kan det skje noko uventa, som til dømes ein pandemi. Under pandemien gjekk mange bedrifter konkurs fordi dei ikkje kunne ta imot kundar.

Konkurs betyr at ei bedrift ikkje kan betale utgiftene sine, som lønn, husleige og skatt. Då kan dei du skuldar pengar, krevje at selskapet blir lagt ned.

Du kan òg slå bedrifta konkurs viss du ikkje lenger kan betale rekningane dine. Då må du sende ei melding til domstolen og forklare at du vil leggje ned bedrifta. Du har plikt til å slå bedrifta konkurs viss du ikkje kan betale rekningane dine innan rimeleg tid.

Når bedrifta di er konkurs, mister du retten til å bestemme over det bedrifta har av verdiar. Du får ikkje lov til å gøyme unna nokre av tinga dine. I staden blir det utnemnt ein bustyrar, vanlegvis ein advokat, som skal sørgje for at eigedelane blir fordelte rettferdig blant dei du skuldar pengar.

Konkurs – ei nyttig erfaring

Det kan vere skummelt å tenkje på at bedrifta di kan gå konkurs. Men hugs at mange vellykka gründerar har gått konkurs fleire gongar.

Mange av dei seier at det var ei nyttig erfaring, og at dei lærte kva dei kunne gjere betre neste gong. Du kan godt starte ei ny bedrift sjølv om du skulle gå konkurs!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Til refleksjon

  • Kva synest du er bra og dårleg med å låne startkapital i ein bank?
  • Kva er bra og dårleg med å skaffe ein investor?
  • Kvifor trur du at du ikkje får bestemme over tinga i bedrifta viss du går konkurs?
  • Kvifor trur du det er ei lov som seier at ei bedrift må slå seg sjølv konkurs viss eigarane  ikkje kan betale det dei skuldar?