Pengar er ikkje alt!

Pengar er ikkje alt her i verda, blir det sagt. Og det er jo riktig. Men viss du skal starte eiga bedrift, er du nøydd til å tenkje på økonomien. Ingen bedrifter overlever på luft og kjærleik. Det må pengar til.

Treng du startkapital?

Ofte må vi bruke ein del pengar før vi kan tene pengar. Vi seier at du treng startkapital. Startkapital er pengar du skal bruke til å betale for alt du treng for å komme i gang, og fram til bedrifta begynner å tene pengar.

Viss forretningsideen din til dømes er å redesigne brukte klede, må du antakeleg kjøpe både stoff, knappar, tråd og anna utstyr. Kanskje du treng ei proff symaskin òg? Dessutan må du bruke pengar på å lage ei nettside, og kanskje betale nokon for å lage ein god logo til bedrifta di.

Tenk framover

Prøv å tenkje litt fram i tid når du bereknar kor mykje startkapital du treng. Nesten ingen bedrifter begynner å tene pengar frå første dag. Kundane må få tid til å oppdage produkta eller tenesta di, og derfor er det lurt å ha nok startkapital til at du kan halde opent fram til du begynner å tene pengar på ideen din.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!