Firmanamn
Først må du finne ut kva du vil kalle firmaet ditt. Namnet bør seie noko om kva du sel, slik at kundane forstår kva bedrifta tilbyr. Eit godt namn kan få fleire til å leggje merke til bedrifta di.
Dette tenkte nok gründeren av Tak og Pris AS på, då han skulle starte for seg sjølv. Kva trur du han jobbar med?
Tenk gjerne ut fleire namn, slik at du har litt å velje mellom. Vel eit namn som passar, men pass på at det ikkje blir for useriøst. Det viktigaste er at folk legg merke til bedrifta og hugsar namnet.
Kan du komme på nokre firmanamn du liker? Finn tre du liker og tre du ikkje liker. Snakk saman om kvifor du liker eller ikkje liker desse namna.
Domene
I dag bør alle bedrifter ha ein nettstad. Når du har funne ut kva du skal kalle bedrifta di, må du sjekke om domenet er ledig. Eit domene er internett- og e-postadressa til bedrifta. Det er lett for kundane å kontakte deg gjennom nettsidene dine.
Sjekk om domenet du vil ha, er ledig ved å gå inn på norid.no og søkje på namnet du vil bruke. Viss du sel hårprodukt og vil kalle bedrifta din for “Hei sveis”, sjekkar du om heisveis.no er ledig.
På norid.no kan du sjå kven som sel domene. Når du har kjøpt domenet, kan du lage ei heimeside og e-postadresse for bedrifta.