Kven vil du nå?
For å lykkast som gründer må du vite kven som skal kjøpe produktet eller tenesta di. Vi kallar dei målgruppa di.
Kven er målgruppa di viss du lagar ein leksehjelp-app?



Slik marknadsfører du appen din
Når du skal marknadsføre appen, bør du tenkje på tre ting:
- Kva vil du fortelje?
- Korleis skal du seie det?
- Kvar skal du fortelje det?
Fortel kvifor appen er nyttig. Snakk rett til dei som skal bruke han.
Del informasjonen på sosiale medium eller på populære nettsider.

Tenk over annonsar
Sjå på annonsar på sosiale medium. Dei er ofte valde ut etter kva du liker.
- Korleis er språket i annonsane?
- Vart du interessert? Kvifor/kvifor ikkje?
Finn ein annonse for noko vaksne pleier å kjøpe, til dømes bustadsalarm.
- Korleis ser annonsen ut? Kva er likt, og kva er annleis?
Korleis ville du ha laga ein slik annonse for ungdom? Kva ville du ha forandra på?
