Kven vil du  nå? 

For å lykkast som gründer er det viktig at du veit dette. Kven skal kjøpe og bruke produktet eller tenesta di?

Dei menneska du ønskjer å nå, kallar vi for ei målgruppe. Kven er til dømes målgruppa di viss forretningsidéen din er ein app som skal tilby leksehjelp?

Kven er målgruppa di?

Først må du bestemme deg for kva klassetrinn du vil lage leksehjelp til. Er det barneskulen, ungdomsskulen eller kanskje vidaregåande? Di betre du kjenner målgruppa di, dess betre kan du tilpasse produktet ditt til dei du vil skal kjøpe og bruke det.

La oss seie at appen din skal hjelpe 5. – 7. trinn med leksene. Då veit du at dei som skal bruke appen, er mellom ti og tolv år gamle. Men er det same målgruppe som skal kjøpe produktet ditt? I dette tilfellet er det nok ikkje det. Truleg er det foreldra til desse elevane som skal betale for leksehjelpa du tilbyr. Det betyr at du faktisk har to målgrupper – éi som skal bruke produktet ditt, og éi som skal kjøpe det.

Likevel held det nok ikkje å berre marknadsføre appen til foreldra. Viss elevane liker appen, vil dei truleg fortelje foreldra sine om han. Då er sjansen mykje større for at foreldra kjøper leksehjelpa du tilbyr, og at dei dessutan tilrår appen vidare til andre.

No som du veit kva ei målgruppe er, skal vi sjå nærare på korleis du kan bruke denne kunnskapen på ein nyttig måte når du skal bli ein gründer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bli kjend med målgruppa di!

Lat oss halde fram med å bruke leksehjelp-appen som døme. Du veit at dei som skal bruke appen, er mellom ti og tolv år gamle. Kva fag vil du tilby hjelp med?

Det kan vere lurt å finne ut av kva fag denne målgruppa har størst utfordringar med. For å lære meir om det, kan du til dømes lese forskingsartiklar om korleis dei ulike klassetrinna gjer det i ulike fag.

Det høyrest kanskje ikkje så spennande ut, men det er viktig at du veit kva utfordringar og behov målgruppa di har, slik at du kan tilpasse produktet ditt best mogleg. Viss du oppdagar at målgruppa di strevar ekstra mykje med enkelte fag, kan det vere lurt å fokusere på desse faga.

Kven er det som har størst behov for leksehjelp? Er det flest gutar eller flest jenter? Kva interesser har dei? Er dei fleirspråklege og treng støtte for dette i appen? Brukar dei mykje tid på lekser? Gjer dei lekser heime, på skulen, på biblioteket eller ikkje i det heile?

Di meir du veit om målgruppa di, dess betre kan du utvikle og tilpasse appen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Slik marknadsfører du appen din

Alt du veit om målgruppa di er nyttig når du skal marknadsføre det nye tilbodet du har laga. Målgruppene dine må jo få vite at leksehjelp-appen finst! Då er det er viktig å tenkje på tre ting: 

  • Kva skal du seie?
  • Korleis skal du seie det?
  • Kor skal du seie det?

Bruk eit klart og enkelt språk når du snakkar om appen. Fortel målgruppene dine kvifor dei treng han. Ver tydeleg, og snakk direkte til dei som du vil skal bruke appen. Det beste verktøyet i denne samanhengen er språket ditt. Bruk det gjennomtenkt og godt! 

Tenk over annonsar

Legg merke til annonsene du ser på sosiale medium. Desse er sannsynlegvis tilpassa algoritmane dine, altså alder, kjønn, interesser, kva du har sett på før, osv. 

  • Korleis er språket i annonsane? 
  • Vart du trigga av annonsen? Kvifor/kvifor ikkje?

Søk opp eit produkt som du tenkjer deg har ei ganske vaksen målgruppe, til dømes bustadsalarm. 

  • Korleis ser desse annonsane ut? Kva er likt, og kva er annleis?

Legg merke til korleis annonsane er formulerte. Korleis trur du annonsen for bustadsalarmar hadde vore viss han var retta mot ungdom? Tenk både på tekst og bilde.

Close Icon

Loading...