Hjelp, eg skal skrive …

Kvar skal eg  begynne?

Skrivearbeid

Skrivearbeid er nemleg eit arbeid, og dei gode tekstane ligg det mykje arbeid bak. Det verkar kanskje ikkje sånn når du ser andre skrive for harde livet, men det blir kravd forarbeid.

Noko av det viktigaste ein gjer når ein skal i gang med tekstskriving, er den jobben du gjer før du startar å skrive. Det er nemleg her dei gode ideane blir arbeidde fram. Ikkje vent på at dei gode ideane skal komme seglande med vinden. Brett heller opp ermane og set i gang med jobbinga. Er du klar?

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Les oppgåva nøye! 

Har du lest oppgåva skikkeleg? Les henne ein gong til, og denne gongen merker du deg verba i oppgåva. Kanskje står det at du skal skildre, beskrive, reflektere eller utforske? Dette er viktig. Verba kan gi deg nokre tankar om kva formålet med teksten din skal vere. Kanskje du skal få nokon til å reflektere over ei sak? Eller kanskje du skal skildre korleis det er å vere forelska?

Det neste du skal leite etter, er om oppgåva seier noko om forma på teksten din. Det kan anten stå kva sjanger du skal skrive i, som novelle, eventyr, lesarinnlegg og så vidare. Eller det kan stå at du skal skrive ein kreativ eller ein reflekterande tekst. Dette bør gi deg nokre tankar om utforming av teksten, og om språket skal vere formelt eller uformelt.

Så skal du sjå om oppgåva fortel noko om kven du skriv til, og kvifor. Står det til dømes at du skal skrive ein tale til ungdom om lekser, eller står det at du skal skrive ein debattartikkel i avisa om ein farleg skuleveg? Viss du har informasjon om målgruppa, vil dette hjelpe deg både med kva slags språk du skal bruke og med innhaldet i teksten. Det er til dømes ikkje så lurt å bruke mange vanskelege ord viss ein skriv for barn, eller masse slang viss ein skal debattere sakleg i avisa.

Når du har gjort dette, vil du sitje igjen med tre viktige nøklar for teksten din: Kva teksten skal handle om (innhald), kvifor du skriv teksten og til kven (formål) og til slutt korleis teksten din skal bli skrive (form). Dette er òg utgangspunktet for det som blir kalla skrivetrekanten.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Skrivetrekanten i Word-format på nynorsk
Skrivetrekanten i Word-format på nynorsk

Vekk hjernen!

Kanskje har du allereie fått nokre tankar om kva du vil skrive om? Kanskje klør du deg framleis i hovudet? La oss starte med å jobbe fram nokre idear!

Opne eit tomt dokument eller finn fram penn og papir. Gi deg sjølv fem minutt til å skrive ned alt oppgåva får deg til å tenkje på. Prøv å skrive samanhengande setningar, men ikkje tenk på rettskriving, teiknsetjing eller grammatikk. Viss du stoppar opp undervegs, så skriv «eg veit ikkje heilt kva eg skal skrive, men …». Her er det ingenting som er rett eller feil – dette er berre for å vekke hjernen.

Etter fem minutt skal du stoppe. Les gjennom det du har skrive: Er det nokre nøkkelord eller setningar du kan jobbe vidare med?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kva slags type tekst skal eg skrive? 

No er det fleire ulike retningar du kan ta vidare. Det er litt avhengig av kva slags oppgåve du har fått, og om du skal skrive ein skjønnlitterær tekst eller ein saktekst:

  • Skjønnlitterære tekstar er til dømes forteljinger, noveller og eventyr.
  • Saktekstar er til dømes fagartiklar, debattinnlegg, nyheitsartiklar og lesarbrev.

Skjønnlitteratur

Viss du skal skrive ein skjønnlitterær tekst, kan du bruke eit tankekart. Skriv oppgåva i midten, og i bobla rundt skal du føre opp følgjande:

  • Kven er med i teksten?
  • Kva handlar historia om?
  • Kvar startar historia?
  • Kvar går handlinga føre seg?
  • Når går  handlinga føre seg?
  • Kva er problemet i historia?
  • Korleis blir problemet løyst?
  • Kva skjer og kvifor?
  • Korleis sluttar historia?

Skriv stikkord, men prøv å vere så konkret som mogleg.

Når du har gjort dette, vil du sitje igjen med eit kart over teksten din. Finn ein læringspartnar og spør om du kan dele ideane dine med han/henne. Det er ofte lurt å snakke seg gjennom ideane sine. Kanskje du får nokre gode innspel av læringspartnaren din òg?

No skal du starte sjølve skrivearbeidet. Nokon liker å skrive det siste avsnittet i forteljinga først. Andre startar med innleiinga. Ikkje vêr for kritisk undervegs, men våg å leike deg med både innhald og språk. Du kan alltids rette opp etterpå. Undervegs kan det vere lurt å lese oppgåva igjen, berre for å sjekke at du framleis svarar på det oppgåva spør etter.

Gode skriverammar som kan hjelpe deg undervegs finn du her:

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Saktekst

Viss du skal skrive ein saktekst, kan du gå fram på ein litt annan måte. Her er målet ditt å informere eller å overtyde lesaren om eit tema. Då må du vere meir sakleg og ryddig enn i ein skjønnlitterær tekst. Her er det dei gode strukturane som er viktige. Derfor er det mange elevar som helst vil skrive saktekstar. Eit godt utgangspunkt er ein femavsnittstekst: eit avsnitt til innleiing, tre avsnitt i hovuddelen og eit avsnitt til avslutning. Her kan du sjølvsagt leggje til fleire avsnitt ved behov.

Word-bakgrunn med femavsnittsregelen
Word-bakgrunn med femavsnittsregelen

Nøkkelord

Sjå på tenkjeskriveavsnittet du skreiv tidligare. Klarer du å markere tre nøkkelord som du tenkjer er relevante for oppgåva? Viss du til dømes skal skrive ein debattartikkel i avisa om ein farleg skuleveg, kan det hende at tenkjeskriveavsnittet ser slik ut:

Det er skummelt å gå til skulen fordi bilane køyrer så fort, og om hausten er det skikkeleg mørkt og skummelt. På vinteren er det lyst, men då må vi gå midt i bilvegen fordi det er så mykje snø og brøytekantar overalt. Eg veit ikkje kva eg skal skrive, men det er innmari mange bilar der når vi går til skulen. Eg trur det er mange foreldre som køyrer barna sine til skulen på morgenen. Eg går til skulen, og det gjer eigentleg alle vennene mine. Nokre syklar, og då syklar dei saman med bilane eller der kor vi går. Det er vanskeleg å sykle til skulen fordi det er så trangt på fortauet og vi har ikkje sykkelsti. Eg veit ikkje kva eg skal skrive, men eg synst det er kjipt at nokre er redde for å bli kjørt på av bilar på veg til skulen. Kanskje det er derfor det er så mange som blir kjørt til skulen. Det er ikkje så digg å gå i den eksoslukta,og sjølv om mange har elbil så er det litt skummelt også fordi dei ikkje lagar lyd.  

Her er det markert fleire viktige nøkkelord/setningar som ein kan jobbe vidare med.

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Temasetningar

No skal du lage tre temasetningar ut ifrå orda du har markert. Ei temasetning er ein påstand som «kattar er meir intelligente enn hundar» eller ei faktaopplysning som «refleks gjer det lettare å bli sett i trafikken». Desse temasetningane skal starte dei tre avsnitta som er hovuddelen i teksten din. I dette tilfellet kan det til dømes vere:

  • Skulevegen er mørk og uoversiktleg.
  • Vi treng ein sykkelsti.
  • Mange blir køyrt til skulen fordi dei er redde for skulevegen.

Kommentarsetningar

No skal du forklare, utdjupe og grunngi kvar av desse setningane, gjerne med døme. Dette kallar vi kommentarsetningar.

Til dømes:
Skulevegen er mørk og uoversiktleg 

Viss du har gått til Ekornbakken skule ein tidleg morgon, har du sikkert lagt merke til at det er dårleg opplyst. Faktisk manglar det gatelyset langs store delar av vegen. Spesielt mørkt er det på hausten, allereie frå skulestart kan det vore mørke morgonar. Dette er skummelt både for barna som går til skulen og for bilane på vegen. Sjølv om mange av barna brukar refleks er det òg mange som ikkje gjer det. Skulevegen blir brukt både av dei som går og dei som syklar, og det kan lett oppstå farlege situasjonar. Det blir lysare når snøen kjem, men dette gjer berre vegen endå farlegare. På grunn av høge brøytekantar må skulebarn ofte gå midt i bilvegen på veg til skulen.

Prøv å skrive minst fire-fem kommentarsetningar til kvar temasetning. Når du har gjort dette, sit du igjen med tre avsnitt og hovuddelen av teksten din.

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Eit hovud og ein hale

No er det på tide å skrive ei innleiing og ei avslutning. Ei innleiing skal fungere litt som ein fiskekrok. Den skal gi lesaren lyst til å lese teksten din. Du må fortelje om temaet ditt, og kort beskrive bakgrunnen for kvifor du skriv teksten. Her er eit døme ..

Innleiing:
Forsking viser at det er sunt for barn å gå til skulen. Det er sunt for både hovud og kropp å få rørsle og frisk luft før ein set i gang med det viktige læringsarbeidet. Desse forskarane gjekk nok ikkje på Ekornbakken skule sånn som meg. Skoleveien til Ekornbakken er både skummel og farleg for oss skulebarn, men også for bilistane langs vegen. Når har kommunen tenkt til å gjere noko? Er det ikkje litt dumt å vente til det skjer ei alvorleg ulykke før ein sørger for at barna får ein trygg skuleveg?

Når det gjeld avslutninga di, skal ho fungere som ei oppsummering. Her skal du kort fortelje att lesaren din kva du har sagt. Avslutninga bør henge saman med innleiinga di og fungere som eit svar på denne.

Avslutning
Som vi har sett er det mange gode grunnar til at ein bør gå til skulen. Det er sunt for både kroppen og hovudet. På den andre sida er det ikkje noko ein skal gjere med livet som innsats. Viss skulevegen ikkje er trygg for skulebarna, så er det ikkje forsvarleg å la barna gå til skulen. For at barna skal få den beste starten på skuledagen sin, er det med andre ord viktig at kommunen sørger for at vegen er trygg – både for skulebarn og for bilistar. For barna på Ekornbakken handlar dette både om lys og om tilgang til fortaua. Alle er samde om at barna må ha ein trygg skuleveg – no er det kommunen som må sørge for at dei faktisk får det!

Sjå der, ja – ein ferdig argumenterande tekst! For å sikre at du har svart på det oppgåva spør etter er det no lurt å få ei vurdering av ein læringspartnar før du leverer.

Og du – hugs å sjekke rettskriving og teiknsetting før du leverer, då. Det er så kjipt viss det skal øydelegge den gode skrivejobben du har gjort. Undervegs i skrivinga er det lurt å bruke ressursar som kan hjelpe deg vidare. Dette kan til dømes vere gode setningsstartarar, planleggingverktøy og skriverammar.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Ferdig!

Skrivearbeid kan vere utfordrande, men mykje av arbeidet ligg i god planlegging og god struktur. Dei gode tekstane tek litt tid, men du vil oppleve at det blir lettare med trening. Kos deg med skrivearbeidet, og finn stemma di. Du veit at det er derfor du skriv – for at stemma di skal bli høyrt, ikkje sant?

Kul jente med laptop i fanget jubler over å egen innsats
Kul jente med laptop i fanget jubler over å egen innsats

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Skolerom
    2. Skolerom
    3. Skolerom
    4. Getty Images
    5. Skolerom
    6. Skolerom / Getty Images
    7. Skolerom
    8. Skolerom
    9. Getty Images
    10. Skolerom
    11. Skolerom
    12. Getty Images