Vilde på scena

Dette er historia om Vilde på scena. Artikkelen høyrer til serien “Hjernelæring”.

Kva skjer med Vilde i denne forteljinga? Og Vasili? Kva for nokre figurar er aktive i hovuda deira og kva skjer som endrar alt? La oss utforska!

Fire barn synger i kor, men den ene er nervøs.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Vilde går rett bak Vasili når dei skal opp på scena. Ho kan høyra hjartet dunka i øyra og når ho prøver å svelgja får ho det ikkje til. Det er akkurat som om det sit ein liten ball fast i halsen. Vilde ser ned i golvet, og lar blikket gli bortover til ho når kanten av scena, men så stoppar ho. Ho veit at foran scena sit alle dei andre elevane på skulen. Dei sit der og ser opp på henne, og ho er heilt sikker på at dei kan sjå at ho har ein ball i halsen og at dei synest den nye sløyfa frå bestemor er skikkeleg barnsleg.

Polaroidbilde to barn om ser inn bak scenen.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

– Er de klare? seier læraren, og så byrjar han å syngja. Bak seg høyrer Vilde resten av klassen syngja med, men ho kan ikkje hugsa orda. Ho ser raskt på læraren og så på Vasili, som står der og syng høgt og klart med den nydelege stemma si, men Vilde klarar ikkje å få fram ein einaste lyd.

Polaroidbilde av liten klovn som kikker frem bak forteppet.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Ho ser ned på skoa sine. Dei ser klumpete og rare ut, for Vilde har krølla tærne sine saman inni dei. Ei stor varm tåre sklir nedover kinnet, og Vilde prøver å bøya hovudet endå meir, så ingen der nede på golvet skal sjå at ho græt. Ho skulle ønska at ho kunne få stå bakarst. Ei ny tåre kjem, men ho sklir ikkje langs kinnet. Tåra plaskar rett i golvet ved sida av ein av skoa hennar.

Polaroidbilde av fot som tråkker på den andre foten.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Ei varm hand legg seg rundt hennar. Ho ser på handa. Så ser ho opp på Vasili. Han klemmer handa hennar inni si, medan han smiler og syng. Vilde kjenner korleis ballen i halsen byrjar å krympa. Ho smiler tilbake og plutseleg kan ho høyra at ho syng ho også.

Polaroidbilde av to barn foran et forteppe.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Forfattar: Kaja Kvernbakken / Hjernelæring

Illustrasjonar: Hjernelæring / Getty Images