Kva er hormon?
Hormon er bitte små beskjedar som blir sende rundt i kroppen saman med blodet. Det er hjernen som gir beskjed til hormonfabrikkane som du har rundt omkring i kroppen, om at tida er inne. No kan dei byrje å jobbe.
Kroppen har mange ulike hormonfabrikkar. Det blir laga hormon i hjernen, nyrene, binyrene, skjoldbruskkjertelen og ikkje minst … i kjønnsorgana.
Dei hormonfabrikkane som lagar kjønnshormon, blir veldig aktive i puberteten. Det startar i hjernen, som gir beskjed til testiklane og eggstokkane om at festen kan starte.

Sjefen som startar festen!
Sjefen som startar festen, har eit ikkje fullt så festleg namn: Gonadotropin-frigjerande hormon. Vi kallar det berre GnRH. Du kan tenkje på GnRH som den kule, vennen som «hostar» ein hemmeleg fest mens foreldra er borte.
Denne feststartaren vaknar opp i den delen av hjernen din som blir kalla hypothalamus. Han går til ein liten, viktig «meisterkjertel» som heiter hypofysen, og fortel at det er på tide å få festen i gang! Hypofysen gir ordre til hormona LH og FSH om å planleggje det som skal skje.

Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!