Kvifor snurrar jorda rundt sin eigen akse? 

For å forklare kvifor jorda snurrar rundt sin eigen akse, vi s korleis solsystemet blei til. Ein akse er ei linje som vi tenkjer oss, slik at ein kan finne ein posisjon eller ei retning. 

For om lag 4,7 milliardar år sidan var solsystemet ei stor, kvervlande sky av støv og gass. Etter kvart trekte skya seg saman til ei stjerne med planetar rundt. Atoma i dei forskjellige planetane kom tettare og tettare saman, og det begynte å spinne fortare. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Jorda kretsar rundt sola i eit flatt plan, som blir kalla ekliptikken. Samtidig roterer ho rundt sin eigen akse, som står skrått dette planet. Jorda roterer rundt ein akse som heller om lag 23,5˚ i forhold til ei vinkelrett linje gjennom ekliptikken. 

Illustrasjon av jordkloden.
Illustrasjon av jordkloden.

Tregleikslova seier at ein lekam i rørsle vil halde fram i den same rørsla dersom han ikkje blir påverka av ei ytre kraft. Derfor har ikkje jorda slutta å snurre rundt. Sidan jorda roterer i det «tomme» verdsrommet, er det inga ytre kraft som endrar rørsla. Dermed held ho fram med å snurre rundt. Men då jorda var ny, roterte ho opptil fem gongar fortare enn no, ho har bremsa litt opp. Kva er det som har påverka jorda?

Månen og tidevatnet

Då månen i si tid kom inn i bane rundt jorda, snurra han rundt sin eigen akse. Men dei to klodane påverka kvarandre med tyngdekreftene. jorda viser tidevatnet korleis månen si tyngdekraft dreg havvatnet mot månen. 

Tidevatnet breier seg som ei bølgje den sida av jorda som vender mot månen. månen skjer det same med steinmassane, og dette har fått månen til å bule litt ut mot jorda. 

Kvifor snurrar ikkje månen? 

For lenge sidan, månen framleis roterte fritt, bevega utbulinga seg som ei bølgje over overflata, akkurat som havet gjer jorda. Men det er tungt å flytte stein, og dette bremsa rotasjonen til månen slik at han til slutt stod stille. I dag ser vi den same side av månen heile tida. Dette blir kalla bunden rotasjon, og vi seier at månen er tidevasslåst til jorda. 

same måten blir jorda bremsa av tidevatnet månen trekkjer med seg over kloten. Fordi jorda er mykje større enn månen, har vi tatt vare på mykje av rotasjonen fram til no. Men bremseverknaden er der heile tida, og kvar einaste dag stel månen litt av rotasjonsenergien til jorda. 

Dette er ikkje noko å uroe seg over med det første verknaden er at døgnet blir eit tusendels sekund lenger kvart femtiande år. Om eit par hundre millionar år vil døgnet vare i 25 timar. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Årstider   

Korleis jordaksen hallar i forhold til sola avgjer kva for ei årstid kvar halvkule har. Halvkula som hallar mot sola, har sommar, mens den som hallar vekk frå sola, har vinter. 

Jordas gang rundt Sola og hvordan det utgjør årstidene
Jordas gang rundt Sola og hvordan det utgjør årstidene

Polområda

Når jorda roterer, ligg polområda nesten stille. Om vinteren er det natt døgnet rundt, og om sommaren er det alltid dag. 

Kjelder:

  • Universet junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. NASA
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images