I verste fall

Kva er eigentleg det verste som kan skje dersom ein blir teken for å drikke alkohol før ein er 18 år? Kva gjer eigentleg politiet dersom dei møter ein ungdom som er veldig rusa? Kan ein få fengselsstraff dersom ein blir teken med ein brukardose av narkotika på seg? 

Spørsmåla er mange, og både feilinformasjon og rykte florerer. Lat oss sjå nærare på lovgivinga, for det er nemleg ho, saman med rettspraksis og utøvinga til styresmaktene av lova, som bestemmer kva som kan skje – i verste fall. 

18-årsgrense

I alkohollova står det kven som har lov til å kjøpe alkohol i Noreg, og kven ein kan selje, gi eller servere alkohol til. Det er ulovleg å kjøpe alkohol viss ein er under 18 år, og ein kan ikkje selje eller servere alkohol til nokon under 18 år. 

Viss ein gir alkohol til ein som er under 18 år, bryt ein altså lova og kan straffast for det.

20-årsgrense

​​For sterkare alkohol er aldersgrensa høgare. Ein må vere 20 år eller eldre for å kjøpe alkohol med 22 volumprosent alkohol eller meir. Det er ulovleg å selje eller skjenkje nokon under 20 år drikke med 22 volumprosent alkohol eller meir. Grunnen til at sterkare alkohol har ei høgare aldersgrense, er at høgare alkoholprosent i drikken gir høgare promille om ein drikk ei gitt mengd av han.

Høg promille påverkar åtferd, reaksjonsevne og dømmekraft. Derfor er det  ikkje lov å køyre bil når ein har promille. Kor høg promille ein får, avheng mellom anna av kjønn og kroppsstorleik. 

Det er uansett stor forskjell på å drikke noko med 4,5 og 40 volumprosent. Eit shotglas med øl blir ein ikkje full av, men eit shotglas med 40 % sprit kan ein bli full av. 

Eit glas med øl kan du bli litt full av, men eit glas med sprit kan gjere deg så full at du ikkje kan ta vare på deg sjølv. 

Dersom ein bryt alkohollova, kan ein straffast med bøter eller fengsel inntil seks månader. Ved grove brot på lova kan ein få fengselsstraff i inntil to år.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Under 18 år

A drikke alkohol når ein er under 18 år, er ikkje  ulovleg. Politiet vil med andre ord verken gi deg bot eller anna straff dersom du drikk alkohol og er under 18 år. Det er den som har gitt deg eller kjøpt alkohol til deg, som har brote lova, og som kan straffast for dette.

Sjølv om det ikkje er ulovleg å drikke alkohol når ein er under 18 år, vil politiet gripe inn viss dei ser ungdom under 18 år som drikk.

Viss politiet kjem til ein fest der det er mange under 18 år som drikk, vil dei stoppe festen. Dei kan be alle om å oppgi alder, namn og adresse. Dette må alle oppgi til politiet når dei spør. 

Politiet kan kontakte foreldre eller køyre rusa ungdom heim. Viss politiet er veldig bekymra, kan dei kontakte barnevernet eller andre offentlege instansar slik at ungdommen får den hjelpa og oppfølginga hen treng.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor har vi aldersgrense for alkohol?

Grunnen til at samfunnet har sett aldersgrensa på 18 år, er for å verne dei unge. Alkohol kan påverke utviklinga av hjernen, og hjernen blir utvikla heilt til ein er 25 år. I tillegg får vi dårlegare evne til å konsentrere oss, vi mistar kontroll over kroppen og får dårlegare evne til å vurdere kva vi gjer. Derfor kan vi lettare skade oss i ulykker eller ta val vi kan komme til å angre på, når vi har drukke alkohol.

Fulle ungdommar er meir sårbare for vald, overgrep og skadar. Statistisk sett fører høgare debutalder til at ein drikk mindre i vaksen alder. Låg debutalder har likevel vist seg å henge saman med alkoholproblem i vaksen alder. 

For å verne unge mot alle desse negative konsekvensane, har vi altså aldersgrenser for kjøp, sal og servering av alkohol.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bevisstgjering

Årsaka til at ein ikkje blir straffa for å drikke alkohol før ein fyller 18 år, er at andre tilnærmingar ofte viser seg å vere meir effektive for å hindre gjentatt drikking. Sjølv om straff kan verke avskrekkande, kan ein gjennomtenkt samtale som fremjar bevisstgjering og sjølvrefleksjon blant unge, ha ein meir varig og stor effekt. Det å lære å tenkje sjølv og komme til eigne konklusjonar er ofte den mest verdifulle tilnærminga.

Ulovlege rusmiddel

Ulovlige rusmiddel er nettopp dét; ulovlege. Det finst ei rekkje ulovlege rusmiddel, som cannabis (hasj og marihuana), GHB, amfetamin/metamfetamin, ecstasy/MDMA, kokain, heroin, fleinsopp og LSD. I Noreg er det straffbart å bruke, rå over, kjøpe, selje, oppbevare og smugle ulovlege rusmiddel. 

Å bruke narkotika

Å bruke narkotika er eit brot på legemiddellova. Å rå over og bruke narkotika kan straffast med bøter eller fengsel i inntil 6 månader, eller begge deler. 

Ungdom som er 18 år eller yngre, kan få tilbod om såkalla ruskontrakt. Dette er ei avtale mellom ungdommen, politiet og ofte også helsesjukepleiar eller barnevernet. Det kan til dømes vera krav om at ungdommen gjennomfører urinprøver og oppfølgingssamtalar.

Samfunnet ønskjer å skåne unge frå straff i fengsel, der kriminelle kan påverke ungdom negativt, og unge kan derfor bli tilbodne ein annan reaksjon enn straff. Å takke ja til oppfølging og støtte kan hjelpe ein ungdom tilbake på rett veg. Ein må gjere ein innsats sjølv, men det kan vere godt å vite at samfunnet ønskjer å hjelpe deg om du har rota deg bort i ulovleg rusbruk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Å rå over

Nokon trur at det er lov å rå over ein brukardose av eit narkotisk stoff. For dei aller fleste av oss er dette feil: Å rå over narkotiske stoff er straffbart, same kor lite ein har med seg. Det er likevel gjort eit unntak for rusmisbrukarar. Dei blir ikkje straffa om dei ber med seg ein brukardose. Grunnen er at rusmisbruk kan sjåast på som ein sjukdom, og rusmisbrukarar treng hjelp framfor straff.

Å ha, kjøpe, selje eller smugle

Når det gjeld å lage, rå over, oppbevare, kjøpe, selje og smugle narkotika, er det straffelova som blir brukt. Blir ein dømd etter straffelova, er det strengare straffer.

Ved såkalla grovt narkotikaregelbrot – altså eit alvorleg lovbrot – kan ein dømmast til fengselsstraff inntil 21 år. Dette speglar kor alvorleg samfunnet og styresmaktene synest slike lovbrot er.

Skadeleg

Grunnen til at rusmiddel er så strengt regulert, er at dei kan vere svært skadelege å bruke. Kva slags skadar ein kan få, og kor alvorlege dei er, varierer frå rusmiddel til rusmiddel. Du kan lese fakta om ulike rusmiddel og effektane dei har hos Rusinfo.no.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Lovene vernar oss

For å samanfatte kan vi seie at samfunnet har regulert omsetning og bruk av både lovlege og ulovlege rusmiddel for å verne oss. Styresmaktene tek i bruk ei rekkje ulike reaksjonar – frå straff til oppfølging – for å forhindre at unge under 18 år drikk eller at folk i alle aldersgrupper rusar seg. Både ulovlege rusmiddel og alkohol har ei rekkje negative konsekvensar for oss som individ og for samfunnet samla sett, og derfor blir bruk regulert og omsetning av det strengt. 

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay
    9. Midjournay
    10. Midjournay
    11. Midjournay