Innafor – lover og normer

Vi menneske er alle flokkdyr. Det limet som held flokken saman, er dei felles normene våre og reglar, tydelege forventningar og avklarte roller, grunnleggjande verdiar og haldningar. Vi er alle individ med ulike interesser og meiningar, men vi ønskjer samtidig å halde oss inne med dei rundt oss.

Vi tilpassar oss flokken, for å vere ein del av han. I dei fleste situasjonar betyr dette at vi veit kva vi bør seie og gjere, kva vi ikkje kan seie og gjere, vi veit kva vi kan forvente av andre, og kva som er forventa av oss. Dette skaper føreseielegheit og tryggleik, slik at vi kan leve saman i flokk utan alt for store konfliktar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Normene endrar seg

Nokre gongar kan vi oppleve at normer og forventningar blir uklare. Vi veit ikkje heilt korleis vi skal oppføre oss eller kva som er forventa av oss. Det er fordi normer forandrar seg over tid, og fordi det kan vere ulike normer i ulike grupper. Både normer, haldningar og roller kan endrast over tid.

Tenk berre på kor mykje kjønnsrollene har endra seg sidan bestemora di var lita, eller at det var heilt vanleg å røykje på jobb – inne! – før i tida. Det ville ingen gjort i dag, både fordi det er ulovleg, og fordi andre ville blikka deg ganske tydeleg for å indikere at det du gjer no, er på ingen måte greitt. At normer, haldningar og roller blir endra over tid i takt med samfunnsutviklinga, er slik det bør vere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike normer i ulike grupper

Ein annan grunn til at vi kan oppleve normer, haldningar og forventningar som uklare nokre gongar, er at mindre grupper utviklar eigne normer. Desse kan gå på tvers av normene til storsamfunnet. 

Vi er alle ein del av fleire grupper. Det kan vere  store grupper, som Noreg, og ei rekkje mindre grupper, som vennegjengen, fotballaget, teatergruppa og familien. Innafor desse gruppene blir det laga eigne forventningar og normer.

Du bruker sikkert eit ganske annleis språk blant vennene dine enn det du ville gjort heime med familien, til dømes. Dette er vanlegvis heilt uproblematisk, ein tilpassar seg berre gruppa ein er saman med. Men nokre gongar kan ein  oppleve å bli ståande i krysspress. Forventningane i éi gruppe du er med i, kan vere heilt andre enn forventningar andre har til deg. Til dømes har familien din andre forventningar til deg enn vennegjengen. Familien reknar med at du kjem heim klokka ni, men vennene dine reknar med og forventar at du blir ute med dei, til dømes. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike haldningar til rus

Nokre krysspress kan vere vanskelegare å stå i enn andre. Eit område dette kan komme tydeleg til uttrykk på, er haldningar til rus og forventningar til rusbruk. Eigentleg er det ganske greitt, for lova er tydeleg: Alkohol kan berre seljast og serverast til dei over 18 år, over 20 år om alkoholen er sterk.

Bruk, oppbevaring, innehaving, smugling, kjøp og sal av narkotiske stoff er ulovleg og straffbart. Det er eitt unntak frå dette, og det er at rusavhengige ikkje blir straffa for å rå over ein brukardose. Det gjeld berre for denne gruppa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Er det så farleg, då?

«Det er ikkje så farleg.» «Det er ulovleg, men vi jo blir ikkje tekne.» «Det er bra for oss, vi blir meir sosiale og glade.» «Det blir ikkje ordentleg fest utan.» 

Haldningar til rus varierer mellom ulike grupper og ulike individ. Mange ufarleggjer rus, og nokon framsnakkar det.

Både unge og vaksne som er del av ei gruppe med haldningar som går ut på at drikking og/eller bruk av narkotiske stoff er greitt, kanskje til og med bra, kan påverkast til å meine det same. Vi er som sagt flokkdyr, og ønskjer å tilpasse oss dei rundt oss. Vi vil føle at vi passar inn og høyrer til, og dette inneber at vi nokre gongar vel å seie eller gjere ting vi eigentleg veit ikkje er bra for oss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Lova er klar

Då hjelper det ikkje alltid at lovene og verdiane i storsamfunnet er klare: Alkohol kan berre seljast og serverast til dei over 18 år. All narkotika er ulovleg, og å rå over, kjøpe og selje det er straffbart. Sjølv om politi og rettsvesen følgjer opp lova, og straffar dei som bryt ho, vel nokon å ruse seg.

Sjølv om helsestyresmaktene seier at null alkohol er det beste for helsa, er det mange som drikk alkohol – nokon oftare og meir enn andre. Media skriv om bekymra foreldre, utekontaktar, politi, tilsette i barnevernet og helsearbeidarar som meiner at  utviklinga går feil veg – men nokre unge vel likevel å prøve ulike rusmiddel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Krysspress og gruppepress

Sjølv om storsamfunnet har tydelege lover, reglar og forventningar knytte til rus og rusbruk, møter mange unge andre normer og forventningar blant venner, jamaldringar eller i eigen familie. Nokre blir utsette for gruppepress, og enkelte står i vanskeleg krysspress. Det kan opplevast vanskeleg, og våre eigne verdiar – det vi sjølve synest er rett og viktig – kan setjast på prøve.

Ditt val

Det er då det er godt å vite at ein faktisk vel sjølv. Ja, vi er flokkdyr, og vi ønskjer å tilpasse oss – men vi går ikkje blindt i flokk. Vi er individ. Vi tek eigne val. Og om du skulle velje noko anna enn vennene dine, er det godt å vite at storsamfunnet – den største gruppa din – har sett trygge rammer for gode val.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng med jenter som drikker øl og koser seg
En gjeng med jenter som drikker øl og koser seg

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay