Innafor – lover og normer

Vi menneske er alle flokkdyr, og normene og reglane våre er limet som held flokken saman. Når vi har tydelege forventningar og avklarte roller, veit vi korleis vi skal oppføre oss.  Vi har ulike interesser og meiningar, men vi ønskjer samtidig å halde oss inne med dei vi har rundt oss.

Vi tilpassar oss flokken, for å vere ein del av han. I dei fleste situasjonar betyr dette at vi veit kva vi bør seie og gjere, kva vi ikkje kan seie og gjere, vi veit kva vi kan forvente av andre, og kva som er forventa av oss. Dette skaper føreseielegheit og tryggleik, slik at vi kan leve saman i flokk utan alt for store konfliktar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Normene endrar seg

Nokre gongar kan vi bli usikre på kva andre forventar av oss. Plutseleg veit vi ikkje heilt korleis vi skal oppføre oss. Det er fordi reglane i samfunnet forandrar seg over tid, og fordi det kan vere ulike reglar i ulike grupper.

Tenk på kor mykje kjønnsrollene har forandra seg sidan bestemora di var lita. Før i tida var det også heilt vanleg å røykje inne på jobben. Det er det ingen som gjer i dag. For det første er det ulovleg, og for det andre ville folket ha sett stygt på deg. Det er fint at normer og haldningar blir endra etter kvart som samfunnet utviklar seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike normer i ulike grupper

Mindre grupper utviklar ofte eigne reglar. Desse reglane kan vere annleis enn elles i samfunnet, og då kan det vere vanskeleg å vite korleis ein skal oppføre seg. 

Alle menneske er med i fleire grupper, til dømes store grupper, som landet Noreg, og mindre grupper, som vennegjengen og familien. Kvar av desse gruppene har sine eigne reglar og forventningar.

Du bruker til dømes ein annan type språk når du er saman med vennene dine, enn du gjer heime med familien. Vanlegvis er ikkje dette noko problem, ein tilpassar seg berre gruppa ein er med, men nokre gongar kan ein oppleve å bli ståande i krysspress.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike haldningar til rus

Nokre slike krysspress kan vere vanskelege å takle, til dømes viss det gjeld haldningar til rus og rusbruk. Eigentleg er dette ganske greitt, for lova er tydeleg: Alkohol kan berre seljast og serverast til personar over 18 år, 20 år viss prosenten er høg. Bruk, oppbevaring, innehaving, smugling og kjøp og sal av narkotika er ulovleg og straffbart. Det er unntak for rusavhengige. Dei blir ikkje straffa for å ha stoff til eige bruk.

Er det så farleg, då?

«Det er ikkje så farleg.» «Det er ulovleg, men vi blir jo ikkje tekne.» «Det er bra for oss, vi blir meir sosiale og glade.» «Det blir ikkje ordentleg fest utan.»

Ulike grupper og menneske har ulike haldningar til rus. Mange ufarleggjer rus, og enkelte snakkar til og med om kor bra det er å ruse seg.

Viss ein er ein del av ei gruppe med slike haldningar, er det lett å la seg påverke til å meine det same. Fordi mennesket er eit flokkdyr, vil vi gjerne føle at vi passar inn, og derfor kan vi av og til seie eller gjere ting, sjølv om vi veit at det ikkje er bra for oss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Lova er klar

Det hjelper ikkje alltid at lovene og reglane i samfunnet er heilt tydelege: Alkohol kan berre seljast og serverast til personar over 18 år. Alle typar narkotika er ulovleg, og det er ulovleg å eige eller kjøpe og selje narkotika. Sjølv om politiet straffar dei som bryt denne lova, vel nokon å ruse seg.

Helsestyresmaktene seier at null alkohol er det beste for helsa vår. Likevel er det mange som drikk alkohol – somme oftare og meir enn andre. Media skriv at bekymra foreldre og offentleg tilsette som jobbar med barn, meiner at utviklinga går feil veg, og at  for mange unge vel å prøve ulike rusmiddel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Krysspress og gruppepress

Sjølv om samfunnet vårt har klare lover og reglar for bruk av rusmiddel, møter mange unge heilt andre haldningar blant venner og familiemedlemmer. Nokre opplever gruppepress og krysspress, og då kan det vere vanskeleg å gjere det vi inst inne veit er rett.

Ditt val

Det viktig å hugse at vi faktisk kan velje sjølve. Ingen kan tvinge oss til å følgje flokken blindt. Alle menneske er unike og har rett til å ta eigne val. Viss du helst vil velje noko anna enn vennene dine, er det godt å vite at det norske samfunnet har sett trygge rammer for dei som vil gjere gode val.     

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng med jenter som drikker øl og koser seg
En gjeng med jenter som drikker øl og koser seg

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay