Teorien om tyngdekrafta

Viss du slepper eit eple, fell det ned på bakken. Kvifor svevar det ikkje berre av garde? Og kvifor fell det nedover og ikkje oppover? Det kjem av ei kraft som er til stades overalt i universet: tyngdekrafta.

Forskaren Isaac Newton var den første som fann ut av korleis tyngdekrafta verkar. Det seiest at han såg eit eple falle frå epletreet i hagen, mens månen lyste opp på himmelen over. Då skjønte han at krafta som fekk eplet til å falle, kunne vere den same som fekk månen til å gå i bane rundt jorda.

Fysikaren Selda Ekiz forklarer naturlova om tyngdekrafta i programmet Newton på NRK. Dette programmet er faktisk oppkalt etter Isaac Newton.

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Isaac Newton holder et rødt eple og ser opp på treet

Boka til Newton

I 1687 ga Newton ut ei bok som inneheldt teorien hans om tyngdekrafta. Boka heitte Philosophiae Naturalis Principia – læra om prinsippa i naturen. I hundrevis av år etterpå vart all utvikling innan fysikk og astronomi bygd på denne teorien. Derfor er denne boka eit av dei viktigaste verka i historia.

Forside av Isaac Newtons bok
Forside av Isaac Newtons bok

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!