Teorien om tyngdekrafta

Når du tek eit eple og slepper det, fell det ned på bakken. Det svevar ikkje i lufta – men kvifor? Det kjem av ei mektig kraft i naturen som blir kalla tyngdekrafta. Denne krafta har avgjerande betydning for jorda og heile universet vårt.

Isaac Newton var den første som lærte oss om tyngdekraft og tidevatn. Det blir sagt at han oppdaga prinsippet om tyngdekraft då han såg eit eple falle ned frå eit tre, samtidig som han kunne sjå månen på himmelen. Då skjønte han at månen blir halden i bane rundt jorda av den same krafta som får eplet til å falle frå treet til bakken.

Fysikar og programleiar Selda Ekiz forklarer Newtons tyngdekraftlov i NRK-programmet Newton, som sjølvsagt har fått namnet sitt frå nettopp denne store vitskapsmannen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Isaac Newton holder et rødt eple og ser opp på treet

Philosophiae Naturalis Principia

I 1687 publiserte Isaac Newton teorien sin om tyngdekrafta i eit verk som heiter Philosophiae Naturalis Principia. Utviklinga innan fysikk og astronomi dei neste hundreåra bygde vidare på denne teorien. Det gjer dette verket til eit av dei aller viktigaste i historia.

Forside av Isaac Newtons bok
Forside av Isaac Newtons bok

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!