Joik – ei tradisjonell samisk musikkform
Joiken til samane er blant dei eldste folkemusikkformene i Europa. Joik er viktig som identitet for det samiske folket. Det finst få skriftlege samiske forteljingar. Forteljingar blei overførte munnleg, blant anna gjennom joik. Joik er derfor både litteratur og musikk.
Joik er framleis ein viktig munnleg forteljarkunst. Tradisjonelt blir det ikkje brukt instrument til joiken. På samisk heiter å joika juoigat.
Joik og religionen
Frå før-kristen tid brukte sjamanen joik saman med runebommen under seremonien. Ofte inneheldt desse joikane epos. Eposa kunne fortelja ei heil livshistorie eller om livet til ein siida gjennom generasjonar. Dei kunne òg handla om eldgamle segner.
📷 Ein runebomme med motivstruktur av sørsamisk type.
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!