Jordbruksrevolusjonen
Frå sankarar til bønder – lær meir om røtene til den moderne sivilisasjonen vår.
Frå nomadeliv til fast busetjing
For 11 000–12 000 år sidan endra menneska levemåte då dei bygde dei første faste stadene å bu og vart bønder. No var det slutt på nomadelivet – dei endelause vandringane etter dyreflokkane. Dei bygde hus, og samfunn voks fram blant plantane som folk hadde lært å dyrke.
Mesolithic man, gathering around fire in family groups and building dwellings
Den fruktbare halvmånen
Dei første gardane dukka truleg opp for rundt 9000 år sidan i eit område som vart kalla Den fruktbare halvmånen – det som i dag er Sør-Irak, Syria, Libanon, Jordan, Israel og Nord-Egypt. Der var det mykje regn og fruktbar jord, som gjorde det ideelt å dyrke mat og avle fram dyr. Det første skriftspråket vart òg utvikla her, i tillegg til hjulet, pengar, astronomi og mange andre oppfinningar som har endra verda.
Kart over Den fruktbare halvmåne i Babylonia.
Jordbruk vart oppfunne fleire stader
Forsking har vist at dei første bøndene ikkje var i slekt, så jordbruket vart nok oppfunne fleire gongar og på ulike stader. I løpet av fleire tusen år flytta bøndene seg og spreidde kunnskap og reiskap over store delar av Vest- og Sør-Asia, Nord-Afrika og Europa.
Hieroglyf av Egyptiske bønder
Landbruk
Neolittiske verktøy og våpen
Husdyrhold gav effektivt jordbruk
Dei første husdyra vart avla fram frå ville dyr som steinalderfolk fanga. Grisar stammar frå villsvin, og geiter frå den persiske fjellgeita. Heilt frå jeger- og sankartida hadde folk hatt hundar som jaktkameratar, og no vart hunden gjetar og passa på dyreflokkane. Etter kvart begynte ein å halde kyr – kanskje først til offergåver og festmåltid, men med tida spente ein oksar for plogen og brukte dei som trekk- og arbeidsdyr. Møkka vart brukt til gjødsel og brensel.
Farming and farmers in antique Rome
Dyrking av nyttevekstar
I tillegg til å halde husdyr dyrka steinalderbøndene nyttevekstar. Dei rydda jorda, sådde frø og hausta avlinga når ho var moden. Bygg og spelt var blant dei første kornsortane som vart dyrka i Den fruktbare halvmånen. Seinare dyrka dei òg erter, linser og linfrø. Fibrane frå linplanten brukte dei til å veve tøy av. Nytteplantane vart med tida større og større. Maiskorn er til dømes 15 gongar større enn villmais, fordi bøndene valde å ta såkorn frå dei største plantane.
Tørket lin i en kurv
Behov for nye yrke veks fram
Sjølv om folketalet den gong var lite i forhold til no, var bondesamfunna stadig trua av mangel på mat. Dei jobba hardt for å samle matlager som kunne sikra at dei overlevde. Godt fylte matlager gav rom for endå fleire menneske, og det dukka opp nye yrke – som slaktarar og verktøymakarar. Til slutt vart det behov for soldatar som kunne forsvare landområda deira mot framande som prøvde å stele rikdommen. Det vart òg bygd heilagdommar der folk kunne be til gudane om regn og gode avlingar, og prestane fekk ein stadig viktigare rolle. |
Smed i arbeid
Klassedelt samfunn
Menn hadde ofte desse viktige rollene i samfunnet, og forskjellen mellom mann og kvinne og mellom rik og fattig auka. Bønder og handverkarar, som produserte maten og tenestene samfunnet var avhengig av, var no plutseleg nedst på rangstigen, for det var dei rike som kontrollerte kornlagera. Denne utviklinga i dei første samfunna har hatt direkte innverknad på korleis vi lever den dag i dag.
Gullkiste
Illustrasjon om kornproduksjon
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Alamy
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-