Jordskjelv i Noreg

Visste du at det ristar i bakken i Noreg kvart einaste år? Dei fleste jordskjelv er små, men av og til kan dei merkast over store område. I denne artikkelen lærer du kvifor jordskjelv skjer i Noreg, der dei førekjem, og korleis forskarar følgjer med på rørsler i jordskorpa.

Accessibility icon Jordskjelv i Noreg

Jordskjelv i Noreg – ein stille trussel

Noreg blir sjeldan knytt til jordskjelv. Vi har verken aktive vulkanar eller djupe rifter i jordskorpa slik mange andre land, som ligg ved plategrenser, har. Likevel ristar bakken her òg, oftare enn mange trur. Sjølv om dei fleste jordskjelv i Noreg er små og knapt blir merka, finst det ein djup og kraftfull geologisk energi under føtene våre. Og han minner oss innimellom om at jorda ikkje er heilt stabil.

Kvifor skjer det jordskjelv i Noreg?

Jordskjelv oppstår når spenning i jordskorpa byggjer seg opp over tid og plutseleg blir utløyst. I Noreg kjem av dette ikkje plategrenser, men indre spenningar i jordskorpa, særleg som eit resultat av at innlandsisen, som dekte Skandinavia under siste istid, forsvann. Då isen smelta, begynte bakken å heve seg, ein prosess som framleis går føre seg. Denne hevinga skaper rørsler og spenningar i jordskorpa som kan føre til små og mellomstore skjelv.

I tillegg blir Noreg påverka av trykk og rørsler i dei omkringliggjande tektoniske platene, som den eurasiske plata vi sjølv er på, og den nordamerikanske og afrikanske plata lenger unna, men dette blir registrert at seismiske stasjonar og er ikkje merkbart for menneske.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...