Julekortet blir ein tradisjon

Tradisjonen med å ønskje kvarandre god jul går langt tilbake i tid. Det var vanleg å gå rundt i bygda, banke på dører og overlevere helsinga munnleg. Så dukka ideen om julekortet opp.

Gammelt julekort
Gammelt julekort

Det første julekortet

Det var briten Henry Cole som kom på ideen med julekort. Dette gjorde han på begynnelsen av 1800-talet. Han kontakta ein kunstnar som teikna eit fint julekort. Dette kopierte Cole, og han sende fleire av dei til venner og familie. Resten selde han, og ein ny forretningside var fødd.

Det første kortet, frå 1843, viser ein familie som sit rundt eit bord. På kortet står det trykt A Merry Christmas and a Happy New Year. Desse korta leverte folk personleg. Det var som ei gåve i seg sjølv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley
Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley

Julekorta blir sende i posten

Det første norske julekortet kunne kjøpast i 1883. Det vart så populært at Posten i hovudstaden to år seinare måtte tilsetje nye folk for å få unna all juleposten.

Fram til 1982 var det billig å sende julekort viss du berre skreiv fem ord. Som oftast God jul og godt nyttår. Det var ikkje alle som kunne skrive like godt den gongen. Posten trudde at fleire derfor ville sende julekort om det var lite tekst på kortet. Dei postilsette talde orda på kortet for å sjekke at portoen stemde. I 1983 begynte dei å berekne porto ut frå vekt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt julekort
Gammelt julekort
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Julekort under krigen
Julekort under krigen
Ronald Reagan med familie på et julekort rundt 1916-1917
Ronald Reagan med familie på et julekort rundt 1916-1917
Gammelt julekort
Gammelt julekort

Julemotiv frå andre land

Julekort blir sende i alle land, men motiva har kulturelle variasjonar. I Australia er store kvite saueflokkar eit vanleg motiv. Julestjerna er opphavleg meksikansk og blir brukt mykje der.

I Austen kan ein finne orkidear, vassliljer og roser på julekorta. Palmar blir ofte brukte i arabiske land.

I Bangladesh og Sri Lanka er påfuglar og elefantar vanleg. Juletreet som motiv er vanleg over alt.

Tre julekort utstilt på en hylle
Tre julekort utstilt på en hylle
4 tenåringsjenter i bursdag
4 tenåringsjenter i bursdag

Frå julekort til julebrev

For dei som ønskjer å skrive ei lenger julehelsing, er julebrev løysinga. Julebrev er ein amerikansk tradisjon som kom til Noreg etter andre verdskrigen.  I julebrevet blir det fortalt om hyggelege hendingar frå året som har gått. Dei vanlegaste temaa er barn og familie, og skule/jobb, hobbyar, reiser og spesielle hendingar.

Dame som skriver et brev til julenissen med juledekorasjoner rundt på bordet
Dame som skriver et brev til julenissen med juledekorasjoner rundt på bordet

Masseproduserte brev

I starten var det vanleg å skrive julebrev for hand. Etter kvart som dei fleste fekk datamaskin, endra dette seg. Mange skriv i dag julebrev på PC og limer inn bilete frå feriereiser eller andre hendingar. Det er gjerne den same teksten som blir brukt til alle mottakarane.

Brevbunke
Brevbunke

Brev- og kortskrivingsritual

Julekortskrivinga er for mange ein tradisjon som dei ser fram til. Det blir lagt mykje tanke bak både motivet og teksten. Det er eit ritual som kan sidestillast med julekalender og peparkakebaking.

Veldig ofte er kortskrivinga ein augneblink der avsendaren ser tilbake på året som har vore. Det er vanleg å skrive om positive opplevingar.

Mor og sønn skriver julebrev
Mor og sønn skriver julebrev

Kven får julekort?

Det er vanlegast å sende kort til familie og venner. Bedrifter sender kort til dei tilsette og samarbeidspartnarane sine. Julekorta kan pleie vennskap og nettverk.

Gammelt julekort
Gammelt julekort

Julekort er framleis populært

Aller flest julekort vart sende mellom 1920 og 1930. Vi sender framleis svært mange kort trass i nye og moderne måtar å kommunisere på. Ein del vel å bruke SMS, MMS og elektroniske julekort.

Det er framleis noko spesielt å få eit fint julekort, skrive for hand med omtanke, berre til deg.

Papirbakgrunn opp ned
Papirbakgrunn opp ned

God jul

Og når du no skal i gang med å skriva ei julehelsing: Hugs at høgtider blir skrivne med liten forbokstav på norsk. Unntaket er om det står først i setninga. Dersom du òg vil leggje ved ei nyttårshelsing, kan du velje mellom godt nytt år, godt nyttår, godt år eller godt nyår.

Med dette ønskjer vi deg og dine ei god jul og eit godt nytt år!

Julehilsen fra Tønsberg 1908
Julehilsen fra Tønsberg 1908