Julekortet blir ein tradisjon
Tradisjonen med å ønskje kvarandre god jul går langt tilbake i tid. Det var vanleg å gå rundt i bygda, banke på dører og overlevere helsinga munnleg. Så dukka ideen om julekortet opp.
Gammelt julekort
Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley
Gammelt julekort
Julekort under krigen
Ronald Reagan med familie på et julekort rundt 1916-1917
Gammelt julekort
Julemotiv frå andre land
Julekort blir sende i alle land, men motiva har kulturelle variasjonar. I Australia er store kvite saueflokkar eit vanleg motiv. Julestjerna er opphavleg meksikansk og blir brukt mykje der.
I Austen kan ein finne orkidear, vassliljer og roser på julekorta. Palmar blir ofte brukte i arabiske land.
I Bangladesh og Sri Lanka er påfuglar og elefantar vanleg. Juletreet som motiv er vanleg over alt.
Tre julekort utstilt på en hylle
4 tenåringsjenter i bursdag
Frå julekort til julebrev
For dei som ønskjer å skrive ei lenger julehelsing, er julebrev løysinga. Julebrev er ein amerikansk tradisjon som kom til Noreg etter andre verdskrigen. I julebrevet blir det fortalt om hyggelege hendingar frå året som har gått. Dei vanlegaste temaa er barn og familie, og skule/jobb, hobbyar, reiser og spesielle hendingar.
Dame som skriver et brev til julenissen med juledekorasjoner rundt på bordet
Masseproduserte brev
I starten var det vanleg å skrive julebrev for hand. Etter kvart som dei fleste fekk datamaskin, endra dette seg. Mange skriv i dag julebrev på PC og limer inn bilete frå feriereiser eller andre hendingar. Det er gjerne den same teksten som blir brukt til alle mottakarane.
Brevbunke
Brev- og kortskrivingsritual
Julekortskrivinga er for mange ein tradisjon som dei ser fram til. Det blir lagt mykje tanke bak både motivet og teksten. Det er eit ritual som kan sidestillast med julekalender og peparkakebaking.
Veldig ofte er kortskrivinga ein augneblink der avsendaren ser tilbake på året som har vore. Det er vanleg å skrive om positive opplevingar.
Mor og sønn skriver julebrev
Kven får julekort?
Det er vanlegast å sende kort til familie og venner. Bedrifter sender kort til dei tilsette og samarbeidspartnarane sine. Julekorta kan pleie vennskap og nettverk.
Gammelt julekort
Julekort er framleis populært
Aller flest julekort vart sende mellom 1920 og 1930. Vi sender framleis svært mange kort trass i nye og moderne måtar å kommunisere på. Ein del vel å bruke SMS, MMS og elektroniske julekort.
Det er framleis noko spesielt å få eit fint julekort, skrive for hand med omtanke, berre til deg.
Papirbakgrunn opp ned
God jul
Og når du no skal i gang med å skriva ei julehelsing: Hugs at høgtider blir skrivne med liten forbokstav på norsk. Unntaket er om det står først i setninga. Dersom du òg vil leggje ved ei nyttårshelsing, kan du velje mellom godt nytt år, godt nyttår, godt år eller godt nyår.
Med dette ønskjer vi deg og dine ei god jul og eit godt nytt år!
Julehilsen fra Tønsberg 1908
-
Kjelder:
- Magisk jul (2020)
Orage Forlag AS
- Posten (06.11.2020): Julekort – viktig tradisjon siden 1883
https://www.postennorge.no/presse/arkiv/julekort–viktig-tradisjon-siden-1883
- julekort i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 6. november 2020 frå https://snl.no/juletre
- NDLA (06.11.2020): Julekortets historie https://ndla.no/nb/subjects/subject:14/topic:1:185588/topic:1:185591/resource:1:92325?filters=urn:filter:94dfe81f-9e11-45fc-ab5a-fba63784d48e
- Forskning.no (06.11.2020): Julebrevets fantastiske verden
https://forskning.no/jul-sprak/julebrevets-fantastiske-verden/1090996
- Språkrådet (06.11.2020): God jul!
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/God-jul1/
- Magisk jul (2020)