Julekortet blir ein tradisjon
Tradisjonen med å ønskje kvarandre god jul går langt tilbake i tid. Det var mest vanleg å levere ei helsing munnleg. Så dukka ideen om julekortet opp.

Gammelt julekort

Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley

Gammelt julekort


Julekort under krigen

Ronald Reagan med familie på et julekort rundt 1916-1917

Gammelt julekort
Julemotiv frå andre land
Julekort blir sende i alle land, men motiva er veldig ulike. I Australia er store kvite saueflokkar eit vanleg motiv. I Mexico blir ofte julestjerna brukt.
I Asia bruker dei mykje blomstrar og palmar, men også elefantar!
Juletreet som motiv er vanleg over alt.

Tre julekort utstilt på en hylle

4 tenåringsjenter i bursdag
Frå julekort til julebrev
Fleire og fleire skriv julebrev. Julebrev er ein amerikansk tradisjon. I julebrevet blir det fortalt om hyggelege hendingar frå året som har gått.

Dame som skriver et brev til julenissen med juledekorasjoner rundt på bordet
Masseproduserte brev
I starten var det vanleg å skrive julebrev for hand. Etter kvart begynte folk å skrive på PC. Det er gjerne den same teksten som blir brukt til alle som får brevet.

Brevbunke
Brev- og kortskrivingsritual
Skriving av julekort er for mange ein tradisjon som dei ser fram til. Det blir lagt mykje tanke bak både motivet og teksten. Det er vanleg å skrive om positive opplevingar frå året som har gått.

Mor og sønn skriver julebrev
Kven får julekort?
Det er vanlegast å sende kort til familie og venner. Bedrifter sender kort til tilsette og samarbeidspartnarar.

Gammelt julekort
Julekort er framleis populært
Vi sender framleis svært mange julekort. Ein del vel å bruke SMS, MMS og elektroniske julekort.
Det er framleis noko spesielt å få eit fint julekort, skrive for hand med omtanke, berre til deg.

Papirbakgrunn opp ned
God jul
Vi håpar du skriv julekort! Hugs at høgtider blir skrivne med liten forbokstav på norsk. Unntaket er om det står først i setninga.
Med dette ønskjer vi deg og dine ei god jul og eit godt nytt år!

Julehilsen fra Tønsberg 1908
-
Kjelder:
- Magisk jul (2020)
Orage Forlag AS
- Posten (06.11.2020): Julekort – viktig tradisjon siden 1883
https://www.postennorge.no/presse/arkiv/julekort–viktig-tradisjon-siden-1883
- julekort i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 6. november 2020 frå https://snl.no/juletre
- NDLA (06.11.2020): Julekortets historie https://ndla.no/nb/subjects/subject:14/topic:1:185588/topic:1:185591/resource:1:92325?filters=urn:filter:94dfe81f-9e11-45fc-ab5a-fba63784d48e
- Forskning.no (06.11.2020): Julebrevets fantastiske verden
https://forskning.no/jul-sprak/julebrevets-fantastiske-verden/1090996
- Språkrådet (06.11.2020): God jul!
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/God-jul1/
- Magisk jul (2020)