Julesabotøren

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・

Kven øydelegg julefeiringa for familien Juhl? Kan du hjelpe Ivan og Guri med å finne tinga som har blitt borte?

Vakker skog med julestemning
Vakker skog med julestemning

Julekalenderen

Det var 1. desember. Snøen hadde lagt seg som eit tynt teppe over plenen, og trea hadde fått litt snødryss over greinene sine. Det var allereie ei kjensle av jul.

Inne hos familien Juhl var det derimot inga julestemning, der var det fullstendig kaos! Mor leita febrilsk i pappesker, for ho kunne ikkje finne julekalenderen. Det var ein brodert kalender med 24 små ringar – éin ring for kvar dag i desember som ein kunne hengje små pakkar i.

Kalenderen hadde vore i familien i generasjonar, men no var han forsvunnen. Ivan og Guri stod lamslåtte midt på golvet. Det vart jo ikkje ordentleg jul utan julekalenderen!

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Adventskalender i kurv
Adventskalender i kurv

«Eg aner ikkje kvar eg skal leite», sa mor oppgitt. «Og de, kan de vere så snille å gå ut og fôre sauene? Dei skulle hatt mat for lenge sidan!» Ivan og Guri sette kurs for sauefjøset, medan dei grubla over den forsvunne julekalenderen. Kvar kunne han ha blitt av?

På garden hadde dei både svarte og kvite sauer, og alle sauene hadde eit eige namn. Då Ivan og Guri nærma seg sauefjøset, høyrde dei ei svak breking frå sauene. Då dei opna døra til fjøset, vart dei møtte av eit underleg syn – alle dei 24 sauene hadde fått måla store tal på kroppen! Kven i all verda hadde gjort dette?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Snødekt gårdsplass
Snødekt gårdsplass

Kunne dette vere eit spor i jakta på julekalenderen, eller var det berre skøyarstrekar? Ivan begynte å skrive ned kva tal som stod på kvar sau, og merkeleg nok var tala i ulike fargar.

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・
Saueflokk med store numre
Saueflokk med store numre
NAMN TAL FARGE
Ada  raud 
Aurora  19  blå 
Dalia  10  raud 
Edelhår  22  blå 
Edle  raud 
Eføy  11  raud 
Else  13  raud 
Engmøy  raud 
Engsmelle  15  grøn 
Gråtass  18  blå 
Gullhår  21  blå 
Ibenholt  17  gul 

 

NAMN TAL FARGE
Josefine  raud 
Krølle  raud 
Lampus  raud 
Lolle  raud 
Nattsvart  14  raud 
Nille  raud 
Nusken  20  blå 
Nusse  23  blå 
Rabagast  12  raud 
Rampen  24  lilla 
Rappfot  16  grøn 
Ulla  raud 

 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mørk bakgrunn med sauer
Mørk bakgrunn med sauer

Gåte 1 

Kva skal dette bety? Kan dette hjelpe Ivan og Guri med å finne julekalenderen? Kven står bak denne spøken?

Mørk bakgrunn med sauer
Mørk bakgrunn med sauer

Fleire forsvinningar

Trur du ikkje at julekalenderen var akkurat der Ivan og Guri trudde han var! No var jula redda! Dei plukka opp kalenderen og sprang inn i stova for å fortelje den gode nyheita.

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・

Men mor høyrde ikkje kva dei sa. Ho gjekk rundt og mumla for seg sjølv: «Kvar har nå den adventsstaken blitt av?» Då ho oppdaga ungane og kalenderen, lyste ho opp i eit stort smil. «Fann de verkeleg kalenderen? Då skal eg feste på alle dei små pakkane med ein gong!»

Adventskalender i kurv
Adventskalender i kurv

Men då ho skulle hekte på dei siste pakkane, oppdaga ho at noko allereie var festa i ring nummer 24. Det var ein samanrulla papirbit. Ho rulla han ut og las:

R seier: No ser de kor de skal leite etter lyset som er borte – men ikkje der nissen er, men finne det ein brukar for å lage det nissen skal ha.

Saman med lappen låg det ein bit av eit noteark.

«Eg trur nokon driv og tullar med oss, og eg trur dette handlar om adventsstaken som er borte. Vi må finne han raskt, for allereie i morgon skal det første lyset tennast. Men kvar vi skal begynne å leite, er ei gåte». Men Ivan og Guri hadde ein klar idé om kvar dei skulle leite, og sprang ut på kjøkkenet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Noter til kjent norsk julesang: F E F G A G A H D C C A C H
Adventskalender i kurv
Adventskalender i kurv

Gåte 2

Kvifor spring Ivan og Guri ut på kjøkkenet – kva trur dei notane peikar på? Og kva skal dei leite etter for å finne adventsstaken? 

Mørk kjøkkenbakgrunn
Mørk kjøkkenbakgrunn

Så tenner vi eitt lys

Ivan og Guri hadde hatt heilt rett, og adventsstaken stod på kjøkkenbordet då dei kom ned til frukost første søndag i advent. «Då skal eg tenne det første lyset», sa mor og tok fram fyrstikkeska.

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・

Adventsstake med ett tent lys
Adventsstake med ett tent lys

Men nokon hadde vore der før henne, for eska var tømt for fyrstikkar. I staden låg det ein lapp og ei lita kvit fjør der. På lappen stod det: Ei fjør kan kanskje bli til fem høns, men tenk over kva som kom først …

Dei såg forvirra på kvarandre. Men plutseleg fekk Guri ein idé og opna døra til kjøleskapet.

Lapp med følgende tekst: Ei fjør kan kanske bli til fem høns, men tenk over kva som kom først
Mørk bakgrunn
Mørk bakgrunn

Gåte 3

Kvifor opnar Guri kjøleskapsdøra? Kva er det ho vil finne der?

Mørk bakgrunn med kjøleskap
Mørk bakgrunn med kjøleskap

Sju slag til jul

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・

Det var tradisjon hos familien Juhl å bake kaker til jul – og sju slag skulle det vere. På laurdagen før andre søndag i advent bakte dei alltid peparkaker, serinakaker, krumkaker, fattigmann, goro, berlinerkransar og sandkaker. Ivan likte best krumkakene, medan favoritten til Guri var peparkaker. Dei laga og peparkakehus, som vart pynta etter alle kunstens reglar.

Pepperkakehus i vinterlandskap
Pepperkakehus i vinterlandskap

Alle søndagane i advent var det alltid ein sjokoladebit i julekalenderen, men då Ivan og Guri opna kalenderen denne søndagen, fann dei ingen sjokolade! Det einaste dei fann, var eit tomt sjokoladepapir. Eller, ikkje heilt tomt – det låg ein liten lapp der og.

På lappen var det skrive med så lita skrift at dei måtte bruke eit forstørringsglas for å lese kva som stod:

R seier: Vi skal ikkje til utland, og vi skal ikkje til stranda. Ikkje til dei utan pengar, og ikkje til dei med god råd. Ikkje til dei som er rulla, og ikkje til dei med det same vi har i halsen. Men til dei som og blir laga i Hakkebakkeskogen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Gåte 4

Kva betyr beskjeden? Kvar kan sjokoladen ha blitt av?

Åpent sjokoladepapir
Åpent sjokoladepapir

Snømannen

Det nærma seg tredje søndag i advent, og snøen lava ned. Ivan og Guri hadde laga ein stor snømann på tunet. Guri sprang inn og fann eit skjerf til snømannen, medan Ivan leita etter den store nisselua som snømannen skulle få på hovudet.

«Ho ligg i eska i bua, den som julestrømpene ligg i», sa mor. Ivan gjekk inn i bua og fann eska med ein gong. Men der var det inga nisselue, berre julestrømper! Kunne nisselua ha gøymt seg i ei av julestrømpene?

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・

Han putta handa inn i den eine strømpa, og der fann han ein merkeleg beskjed:

For at Kalle skal vere varm på hovudet, må du gå dit du skal, etter å ha vaska golvet og børi ved. R.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Flott snømann med skjerf og lue
Flott snømann med skjerf og lue

Gåte 5

Kva betyr den mystiske teksten, og kvar er nisselua blitt av?

Nisselue på tregulv
Nisselue på tregulv

Og høgt i toppen,
den blanke stjerna …

På veslejulaftan pynta familien Juhl treet, og det vart ordentleg flott. Heilt til sist sette dei stjerna i toppen av juletreet.

・ ✧ ✼ ★ ✴︎ ✦ ・

Då det endeleg var julaftan, sprang Ivan og Guri inn i stova for å sjå på det flotte juletreet. Men kva var det som var festa i toppen no? Det var ikkje stjerna, men ein dorull! No hadde julesabotøren verkeleg gått for langt!

Juletre med pynt og julebelysning
Juletre med pynt og julebelysning

Ivan og Guri reiv ned dorullen, og då såg dei at det stod skrive nokre merkelege teikn på han. Kunne det vere ein beskjed frå dei utanomjordiske?

I klartekst kunne dei lese: Skal de løyse gåta, må de tenkje på «grisepenn» – berre ikkje på norsk.

Guri hadde ingen idear. Ivan tenkte seg nøye om, men dette var framandt for han og. Kanskje internett kunne vere til hjelp?

Pyntet juletre
Pyntet juletre
Kodet tekst i pigpen

Gåte 6

Kva betyr dette? Kva kan ordet «grisepenn» bli omsett til? Og kvar er stjerna?

Rent toalettpapir
Rent toalettpapir

Har du svara?

Løysinga på gåtene finst i lærarrettleiinga som følgjer oppgåvene i Lærarrommet. Om skulen din har lisens til Skulerom, er det berre å logge seg inn med Feide.

Vakker skog med julestemning
Vakker skog med julestemning