Vi kastar mat

Kvart år kastar vi nesten 400 000 tonn mat i Noreg. Mange daglegvarebutikkar kastar nemleg mat som har gått ut på dato. Men forbrukaren – du og eg – er den som kastar mest. Over 42 kilo i året! Det betyr at vi kastar kvar åttande pose med matvarer vi kjøper!

Vi kan ikkje halde fram med å kjøpe meir mat enn vi faktisk treng. Og vi må prøve å bruke opp dei restane vi får til overs. Matproduksjonen i verda står for 30 prosent av klimagassutsleppa. Derfor er det veldig viktig å ikkje kaste mat.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kastede matrester på søppeldynga
Kastede matrester på søppeldynga

Matavfall og matsvinn

Det er fleire måtar butikkane kan redusere matsvinn på. Etande mat kan vere billigare, slik at fleire kjøper den maten. Mykje kan gjevast bort før maten nærmar seg utløpsdato. Velgjerande formål kan vere Røde Kors eller Kirkens Bymisjon.

Matavfall er mat som normalt ikkje blir eten. Døme er gammalt brød, og mat som smakar og luktar vondt. Kuttar vi opp grønsaker og frukt, blir det nokre restar igjen som vi ofte kastar. Det same gjeld når vi reinsar fisk.

Dame som handler i en matbutikk
Dame som handler i en matbutikk

«Dumpster diving»

Mange meiner at vi sløsar for mykje, og nokre leitar derfor etter mat i søppelkonteinarane til matbutikkane. Dei finn ofte varer som akkurat har gått ut på dato, eller frukt og grønsaker som har fått brune flekkar. Dei meiner at mykje av denne maten framleis er trygg å ete.

«Dumpster diving» er eigentleg ulovleg. Det er butikkane som eig søpla fram til ho blir henta av søppeltømmarane. Bør dette vere ei straffbar handling, tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann leter i søpla
Mann leter i søpla

Best før, god etter?

Alle matvarer blir merkte med haldbarheitsdato. Nokre gongar står det «best før», medan andre gongar står det «siste forbruksdag». Mat som lett blir dårleg, er merkt med «siste forbruksdag». Dette kan vere matvarer som egg, kjøt, mjølkeprodukt, fisk og frukt. Det skal òg stå korleis maten skal oppbevarast.

Mat som er merkt med «siste forbruksdag», kan etast etter denne datoen. Det er likevel opp til deg sjølv om maten er etande. Mat som er merkt med «best før», kan både seljast og blir eten etter denne datoen. Kvaliteten kan derimot ha vorte litt dårlegare.

I 2018 begynte mange å merke maten med «best før, ofte god etter». Det er ein plan for å få oss til å kaste mindre mat.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvinne sjekker utløpsdato på en pakke med salat fra kjøleskapet
Kvinne sjekker utløpsdato på en pakke med salat fra kjøleskapet

Mathygiene og mattryggleik

Verdshelseorganisasjonen (WHO) jobbar for at menneske i heile verda skal få betre helse. Punkta under er derfor viktig å følge opp:

  • reinhald er viktig når du skal lage mat
  • ikkje bland rå mat med ferdiglaga mat
  • du må bruke rett temperatur når du skal koke eller steike mat
  • mat må oppbevarast i rett temperatur
  • bruk reint vatn og trygge råvarer

Trygge matvarer

Vi har mange lover og reglar for korleis mat skal lagast og seljast. Vi skal kunne føle oss trygge på at vi ikkje blir sjuke av det vi et og drikk. Viss vi et mat som ikkje er trygg, kan vi bli matforgifta og bli alvorleg sjuke. I verste fall kan matforgifting føre til død.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung kvinne som er syk og sitter på baderomsgulvet lent over toalettskåla
Ung kvinne som er syk og sitter på baderomsgulvet lent over toalettskåla

Kva er matsvinn?

NRK Skole har laga ein film med enkle tips som kan bidra til at du kastar mindre mat, og dermed sparer pengar og miljøet.

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole