Vi kastar mat

I Noreg kastar vi nesten 400 000 tonn mat kvart år. Noko av dette kjem frå daglegvarebutikkar. Dei kastar ofte mat som har gått ut på dato.

Men forbrukaren – du og eg – er den som kastar mest. Over 42 kilo i året! Det betyr at vi kastar kvar åttande pose med matvarer som vi kjøper!

Derfor må vi bli flinkare til ikkje å kjøpe meir mat enn vi faktisk treng. Og ikkje minst bruke opp dei restane vi får til overs.

Matproduksjonen står for 30 prosent av klimagassutsleppet i verda. Så det er viktig at vi får redusert kasting av mat av omsyn til miljø, økonomi og bruk av ressursane på jorda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kastede matrester på søppeldynga
Kastede matrester på søppeldynga

Matavfall og matsvinn

Det er fleire måtar butikkane kan redusere matsvinn på. Etande mat kan prisast ned, og mykje kan gjevast bort til velgjerande formål før maten nærmar seg utløpsdato. Då kan matvarene etast opp, framfor at dei må kastast. Velgjerande formål kan vere Røde Kors eller Kirkens Bymisjon.

Matavfall er mat som normalt ikkje blir eten; eksempel er gammalt brød, mat som smakar og luktar bederva og avskjer frå fisk, kjøt og grønnsaker.

Dame som handler i en matbutikk
Dame som handler i en matbutikk

«Dumpster diving»

Mange meiner at vi sløsar for mykje, og dei går derfor på jakt etter mat i søppelkonteinarane til matbutikkane.

Dei finn ofte varer som akkurat har gått ut på dato, eller frukt og grønsaker som har fått brune flekkar. Dei meiner at mykje av denne maten framleis kan etast. Mange kan spare tusenvis av kroner på «dumpster diving».

«Dumpster diving» er i prinsippet ulovleg. Det er nemleg butikkane som eig søpla fram til ho blir henta av renovatørane. Bør dette vere ei straffbar handling, tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann leter i søpla
Mann leter i søpla

Best før, god etter?

Alle matvarer blir merkte med haldbarheitsdato. Nokre gongar står det «best før», medan andre gongar står det «siste forbruksdag». Dette handlar om tryggleik for kva ein et.

Matvarer som ikkje toler å liggje så lenge, er merkte med «siste forbruksdag». Det skal også stå korleis maten skal oppbevarast. Mat som lett kan bli dårleg, er for eksempel melkeprodukt, egg, kjøt, fisk, enkelte grønsaker og frukt.

Mat som er merkt med «siste forbruksdag» kan etast etter fastsett dato, men det er opp til deg å vurdere om maten er etande.

Mat som er merkt med «best før», kan derimot både seljast og bli eten etter fastsett dato utan risiko for helseskadar. Kvaliteten kan derimot ha vorte litt dårlegare.

I 2018 endra mange produsentar «best før»-merkinga til «best før, ofte god etter». Dette var eit forsøk på å få folk til å hive mindre mat.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvinne sjekker utløpsdato på en pakke med salat fra kjøleskapet
Kvinne sjekker utløpsdato på en pakke med salat fra kjøleskapet

Mathygiene og mattryggleik

Verdshelseorganisasjonen (WHO) jobbar for at menneske i heile verda skal få betre helse. Dei har mellom anna laga fem prinsipp for god mathygiene:

  • sørgje for godt reinhald
  • halde rå mat og ferdig laga mat frå kvarandre
  • sørgje for god oppvarming når du kokar og steikjer mat
  • ha rett temperatur ved oppbevaring
  • bruke sikre råvarer og reint vatn

Trygge matvarer

Vi har mange lover og reglar for korleis mat skal produserast, kjøpast og seljast. Vi skal kunne kjenne oss trygge på at vi ikkje blir sjuke av det vi et og drikk.

Mattryggleik handlar derfor om at maten skal vere trygg og ikkje gjere oss sjuke. Viss vi et mat som ikkje er trygg, kan vi bli matforgifta og bli alvorleg sjuke. I verste fall fører matforgifting til død.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung kvinne som er syk og sitter på baderomsgulvet lent over toalettskåla
Ung kvinne som er syk og sitter på baderomsgulvet lent over toalettskåla

Kva er matsvinn?

NRK Skole har laga ein film med enkle tips som kan bidra til at du kastar mindre mat, at du dermed sparer pengar og miljøet.

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole