Kan du gjette kva lottotala blir?

Du har sikkert høyrt om nokon som har vunne store pengesummar i Lotto.  Dei fleste er nok samde om at dette handlar om flaks og uflaks.

Når det gjeld Lotto, kan vi ikkje tenkje oss fram til kva som gir oss betre sjanse til å vinne, sjølv om nokon trur at ein kan det.

Og di fleire tal vi må ha rette, dess vanskelegare er det å vinne.

Nokon trur at tal som ofte har vorte trekte ut, er lure å velje. Andre tenkjer at det er lurt å velje tal som det er lenge sidan vart trekte ut.

Men ingen av desse ideane er rette. Ingen veit kva tal som kjem – så alt er mogleg!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fargerike baller med sorte tall.
Fargerike baller med sorte tall.

Terningkast

Det er ikke mogleg å trene på korleis ein skal kaste ein terning for å få einar eller seksar.

Utfallet, altså kva slags tal vi får på terningen, er lik for alle tala frå 1 til 6 på ein terning. Vi kan seie at sannsynlegheita for å få eit bestemt tal er ei av seks.

Dette blir kalla for uniform sannsynlegheit.

Kaste med fleire terningar

Men viss vi kastar med fleire terningar og legg saman tala vi får, så vil du sjå at summane vi får ikkje er like tilfeldige. Det kan verke litt rart, men det er nokre summar som dukkar opp oftare enn andre.

Du vil sjå at du oftare får summen 7 enn summen 2. Det er fordi at 7 kan lagast på mange måtar med to terningar; 3 + 4, 5 + 2 og 6 +1. Summen 2 kan du berre lage med 1+1.  Det er derfor meir sannsynleg å få summen 7 enn summen 2.

Dette blir kalla ikkje-uniform sannsynlegheit.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To hvite terninger
To hvite terninger

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!