Kan du gjette kva lottotala blir?

Du har sikkert høyrt om nokon som har vunne store pengesummar i Lotto. Handlar det om tilfeldigheiter eller sannsynlegheit? Dei fleste er nok samde om at dette handlar om flaks og uflaks. Det er tilfeldigheiter som avgjer, men det er likevel ei grad av sannsynlegheit i det.

Når det gjeld Lotto, kan vi ikkje resonnere oss fram til kva som gir oss størst sannsynlegheit for å vinne, sjølv om nokon trur at ein kan det. Lottokulene har ikkje minne, og det betyr at alle kombinasjonar er like sannsynlege å få. Di fleire tal vi må ha rette, dess vanskelegare er det å vinne.

Dei som følgjer lottotrekkingane veke etter veke, kan føre statistikk på kva tal som oftast blir plukka ut. Dei meiner at ein då kan sannsynleggjere kva tal som blir trekte ut i framtida. Ein vel då anten dei tala som oftast blir trekte ut i lottomaskina, eller dei som sjeldan har blitt trekte ut.

Ein kan gjerne ha dette som ein plan, men det gir nok ikkje meir hell, sidan alle kombinasjonar er like sannsynlege å få!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fargerike baller med sorte tall.
Fargerike baller med sorte tall.

Terningkast

Ein terning har ikkje minne. Det er derfor ikkje mogleg å trene på korleis ein skal kaste ein einar eller seksar.

Utfallet, altså kva slags verdi vi får på terningen, er derfor like sannsynleg for alle verdiane på ein terning. Vi kan seie at sannsynlegheita for å få ein bestemt verdi er ein av seks. Dette blir kalla for uniform sannsynlegheit. Alle utfall er like sannsynlege å få.

Kaste med fleire terningar

Viss vi kastar med fleire terningar, er det like tilfeldig kva verdi kvar enkelt terning får. Men legg vi saman verdiane av to terningar, ser vi noko som kanskje verkar litt rart med ein gong.

Sjølv om det er tilfeldig kva slags verdi kvar enkelt terning viser, så vil summen av to terningar vise at nokre summar er meir sannsynlege å få enn andre.

Viss du skriv opp alle summar du får ved å kaste med to terningar, vil du sjå at summen sju opptrer mykje oftare enn til dømes to eller tolv. Det er fordi det er mange fleire kombinasjonar av verdiar som gir summen sju. Dette blir kalla ikkje-uniform sannsynlegheit.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To hvite terninger
To hvite terninger

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!