Både menneske og dyr kan telje

Det å løyse vanskelege reknestykke skil menneske frå dyr. Men nokre dyr viser at dei kan gjere enkle reknestykke.

Ape teller penger
Ape teller penger

Primatar

Primatar – som apar og menneske – er dei som er flinkast med tal.

Forskarar har sett at sjimpansar kan leggje saman inntil fem sjokoladebitar som ligg i ein bolle, og samanlikne dette med talet på sjokoladebitar i andre bollar. Dei kan faktisk samanlikne to og to bollar med sjokoladebitar og velje dei to bollane som til saman gir flest sjokoladebitar.

Rhesusapar har vist seg å kunne telje gjenstandar på ein skjerm. Det er mykje vanskelegare enn å telje gjenstandar som dei har føre seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjimapnse
Sjimapnse

Dyr kan forstå mengder

Løver bruker lyd for å avgjere kor mange inntrengjarar dei høyrer, og så samanliknar dei kor mange inntrengjarar det er, med kor mange løver dei er sjølve. Dei angrip ikkje viss dei høyrer at det er fleire inntrengjarar enn løver.

Løver kan derfor samanlikne mengder og forstå forskjell på fleire og færre. Også andre pattedyr, som ulv og svartbjørn, kan skilje på tal.

Insekt kan òg telje. Honningbier veit kor langt frå kuben dei er gjennom å telja landemerke undervegs. Dei kan telje inntil fire landemerke. Honningbier kan òg skilje mellom ulike tal på prikkar – inntil fire.

Fiskar, som guppyar, vil helst vere i dei stimane som består av flest fiskar. Det gir tryggleik. Dei klarer derfor å samanlikne stimar og sjå kva stim som inneheld flest fiskar – og så bli med i den stimen.

Kyllingar kan òg skilje på større og mindre mengder.  Forsking peikar òg på at kyllingar kanskje til og med førestiller seg ei tallinje som går frå venstre mot høgre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Løve
Løve

Plantar kan telje

Forsking viser at òg at nokre plantar kan telje. Venusflugefangarar er eit døme på dette. Dei kan faktisk telje til fem! Planten fangar insekt gjennom å klappe saman blomsteren. For at blomsteren skal klappe saman, må eit insekt berøre overflata to gongar i løpet av 30 sekund. Venusflugefangarar kan derfor både telje og ta tida!

Venusfluefanger
Venusfluefanger

Kjelder:

  • Livets små og store mysterier (2020)
    Orage forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images