Både menneske og dyr kan telje

Det å løyse innvikla reknestykke skil menneske frå dyr. Men nokre dyr viser at dei til ei viss grad kan rekne.

Ape teller penger
Ape teller penger

Primatar

Primatar – apar og menneske – er dei som er flinkast med tal.

Forskarar har sett at sjimpansar kan leggje saman kor mange sjokoladar som ligg fordelte i to bollar og samanlikne dette med talet på sjokoladar i to andre bollar. Deretter har dei valt det settet med bollar som gir flest sjokoladar totalt. Dei klarte å telje med inntil fem sjokoladebitar i kvar bolle. Heile ni av ti gongar valde dei rett!

Rhesusapar har vist seg å kunne telje gjenstandar på ein skjerm. Det er mykje vanskelegare enn å telje gjenstandar dei har føre seg. Dei oppnådde heile 80 prosent av den presisjonen som studentar på college klarte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjimapnse
Sjimapnse

Dyr kan forstå mengder

Løver ser ut til å klare å forstå mengder basert på lyd.

Dei avgjer om dei skal angripe inntrengjarar basert på om dei meiner det er ei stor eller mindre gruppe inntrengjarar. Då høyrer dei på lyden kor mange inntrengjarar dei trur det er, og samanliknar det med kor mange dei sjølve er. Dei kan derfor skilje mellom fleire og færre.

Også andre pattedyr, som ulv og svartbjørn, kan skilje på tal.

Insekt kan òg telje. Honningbier veit kor langt frå kuben dei er gjennom å telje landemerke undervegs. Dei kan telje inntil fire landemerke. Honningbier kan òg skilje mellom ulike mengder med prikkar – inntil fire.

Fiskar, som guppyar, vil helst vere i dei stimane som består av flest fiskar. Det gir tryggleik. Samtidig betyr det at desse fiskane er i stand til å avgjere kva stim som inneheld flest fiskar. Dei klarer derfor å skilje mellom fleire og færre.

Kyllingar kan òg skilje på større og mindre mengder. Forsking peikar òg på at kyllingar kanskje til og med førestiller seg ei tallinje som går frå venstre mot høgre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Løve
Løve

Plantar kan telje

Forsking viser at også enkelte plantar har taloppfatning. Venusflugefangarar er eit døme på dette. Dei kan faktisk telje til fem!

For at blomsteren på planten skal klappe saman og fange insekt, blir det kravd to berøringar innanfor 30 sekund. Deretter må det tre berøringar til før planten begynner å produsere enzym for å bryte ned insektet dei har fanga. Venusflugefangarar kan derfor både telje og ta tida!

Venusfluefanger
Venusfluefanger

Kjelder:

  • Livets små og store mysterier (2020)
    Orage forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images